Selskapsmelding for selskap med deltakarfastsetjing (RF-1215) pliktast utfylt for ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS), ansvarleg selskap med proratarisk (delt) ansvar (DA), indre selskap, kommandittselskap (KS), partrederi (PR) og tilsvarande utanlandsk selskap som driv verksemd som skal skattefastsettast i Noreg.

Start teneste

Om denne tenesta

Frist for elektronisk innsending er 31. mai.

Skjemaet skal brukast av selskap med deltakarfastsetjing etter skattelova § 10-40. Deltakarfastsetjing blir gjennomført når ei økonomisk verksemd blir utøva for to eller fleire deltakarar si felles rekning og risiko, og minst ein av deltakarane har eit ubegrensa ansvar for verksemda si samla forpliktingar. Selskapsmelding blir derfor plikta utfylt for:


- ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS),
- ansvarleg selskap med proratarisk (delt) ansvar (DA),
- indre selskap,
- kommandittselskap (KS),
- partreieri (PR), og
- tilsvarande utanlandsk selskap som driver verksemd som er skattepliktig i Noreg.

Også sameigar skal reknast som selskap og skal deltakerfastsettas dersom dei driv verksemd for eigarane si felles rekning og risiko.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig krev det rolla Revisorrett eller Ansvarleg revisor.


Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Kontroller at du har dei naudsynte rollene i god tid før innrapporteringsfristen.

Vedleggsskjema finn du under arkfana Vedlegg etter å ha opna hovudskjemaet.

Kontroll og fastsetjing av skattegrunnlaget.

Skattemeldinga for selskap og næringsdrivande er bygd opp av eitt hovudskjema (skattemelding, selskapsoppgåve), og i tillegg ulike vedleggsskjema (for eksempel næringsoppgåve).

Hjelp og rettleiing

Du finn hjelpetekstar i skjema ved å klikke på spørjeteikn ved sida av skjemafeltet.

På Skatteetaten sine nettsider finn du rettleiing for papirversjonen av skjemaet.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema