Skattlegging av vasskraftverk (RF-1153) Vedlegg


Om vedleggskjemaet

Frist for elektronisk innsending er 31. mai. Frist for levering på papir er 31. mars.

Del 1 og 2 i skjemaet RF-1153 skal fyllast ut for alle vasskraftverk med samla påstempla merkeyting på 5 500 kVA eller meir.

Del 3 - Eigedomsskattegrunnlag skal berre fyllast ut for kraftverk med samla påstempla merkeyting på 10 000 kVA eller meir.

Generatorar tilkopla turbinar som har inntak i vassdraget same stad og utløp i vassdraget same stad, slik at same vassfall blir utnytta, blir rekna å tilhøyre same kraftverk. Eit aggregat blir rekna som sett ut av drift når røyret er fysisk fråkopla. Dersom aggregatet har vore ute av drift meir enn halve inntektsåret, blir merkeytinga frå vedkomande generator ikkje rekna med i vurderinga av grensa for samla påstempla merkeyting på 5 500/10 000 kVA.

Det skal fyllast ut eit skjema for kvart kraftanlegg.

Det er gjeve rettar for utfylling og signering til innehavar, dagleg leiar, styreleiar, deltakar, og til rekneskapsførar som er registrert i Einingsregisteret. Revisor har fått rett til utfylling og revisor signatur

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema