Bruk av bil (RF-1125) Vedlegg


Om vedleggskjemaet

Du har samme frist for å levere RF-1125 som sjølvmeldinga eller selskapsoppgåva.

Skjemaet skal fyllast ut uoppfordra og leggjast ved sjølvmeldinga av alle skatteytarar som krev frådrag for eigne og leasa personbilar (inkl. stasjonsvogner), kombinerte bilar, varebilar, bussar med inntil 15 passasjerplassar og lastebilar med totalvekt under 7 500 kilo.

Unntak: Skjemaet skal ikkje leverast ukrevja:

  • dersom det berre blir kravd frådrag etter kilometersats for yrkeskøyring med privatbil (gjeld hovudsakleg bil som blir brukt mindre enn 6000 kilometer i yrke/næring).
  • av lønnstakarar som får bilgodtgjersle med krav om forenkla overskottsberekning.
  • for arbeidsgivars bilar som blir brukte av arbeidstakar der standard fordel (30 % av bilen sin listepris som ny inntil kr 303 000 og 20 % av overstigande beløp), er innmelde på lønns- og trekkoppgåva.
  • dersom ein har plikt til å fylle ut RF-1223 "Drosje- og lastebilnæring", dvs. alle som har løyve for persontransport utanfor rute eller driv lastebilnæring.

Likningsstyresmaktene kan også i dei tilfella som er nemnde ovanfor, krevje skjemaet utfylt dersom dei finn at dette er nødvendig.

Du vil ha tilgang til dette skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedleggsskjema til.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema