Kostpris for landbrukseigedom (RF-1013) Vedlegg


Om vedleggskjemaet

Eigarskifte - Ved overtaking av landbrukseigedom.

Du har same frist for å levere RF-1013 som skattemelding for formues- og inntektsskatt eller selskapsmeldinga.

Kostprisoppgåva med rettleiing er i fyrste rekkje fastsett til bruk ved oppsetjing av første gongs balanse i samband med overtaking av jordbruk, gartneri eller skogbruk med tilhøyrande attåtnæringar. Skjemaet skal brukast av alle jord-, hage- og skogbrukarar som tek over slik eigedom, uavhengig av om vedkomande blir rekneskapspliktig eller noteringspliktig etter skatteforvaltningslova § 11-1. Skjemaet skal brukast både ved kjøp i fri handel og ved gåvesal.

Kopiar av takst, brannforsikringspolise, skjøte, kårkontrakt, ev. skifteoppgjer, må so langt slike dokument føreligg, innleverast til skattemyndigheitene saman med dette skjemaet. Kvitteringskopiar for kjøpsutgifter må så vidt mogleg vedleggjast.

Rekne ut kostpris ved overtaking av landbrukseigedom, og ha ein skjemamessig dokumentasjon på fyrste gongs balanse.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema