Frådrag for skatt betalt i utlandet av selskap – kreditfrådrag (RF-1145) Vedlegg


Om vedleggskjemaet

RF-1145 kan ein berre levere som vedlegg til skattemelding (RF-1028) eller selskapsmelding (RF-1215). Selskapet har same frist for å levere RF-1145 som skattemeldinga eller selskapsmeldinga. Kan ikkje selskapet godtgjere rett til kreditfrådrag før den nemnte fristen, må selskapet framsetja kravet seinast 6 månadar etter at endeleg skatt er fastsett i utlandet. Ein kan ikkje framsetja krav om frådrag for utanlandsk skatt seinare enn 10 år etter utløpet av året inntekt og/eller formue i utlandet var skattepliktig i Noreg.

Dei som leverer skjemaet etter at skattemeldinga eller selskapsmeldinga er levert for fyrste gong for det aktuelle inntektsåret, kan levere skattemeldinga eller selskapsmeldinga med vedlegg på nytt i Altinn.

Kreditfrådraget skal ein fordele på desse kategoriane av inntekt:
• inntekt ved verksemd i lågskatteland, jamfør skattelova § 10-63, og inntekt skattlagd etter reglane i skattelova §§ 10-60 til 10-68
• inntekt ved utvinning av petroleum i utlandet,
• anna inntekt i utlandet

Har selskapet inntekt i meir enn ein av de nemnte inntektskategoriane, må ein levere eit skjema for kvar kategori.

Skal leverast av aksjeselskap mv. og selskap med deltakarfastsetting som krev frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet.

Det er gjeve rettar for utfylling og signering til dagleg leiar, styreleiar, deltakar, og til rekneskapsførar som er registrert i Einingsregisteret. Revisor har fått rett til utfylling og revisor signatur.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema