Næringsoppgåve 4 for bank og finansieringsføretak (RF-1173) Vedlegg


Om vedleggskjemaet

Du har same frist for å levere RF-1173 som skattemeldinga eller selskapsmeldinga.

 

Næringsoppgåve 4 for bankar, finansieringsføretak mv. (RF-1173) skal leverast av alle føretak som er omfatta av forskrift 16.12.1998 nr 1240 om årsrekneskap m.m. for bankar, finansieringsføretak og morselskap for slike (årsrekneskapsforskrifta for bankar mv.). Dette inneber at desse føretaka skal levere RF-1173:

  1. forretningsbankar, jf. lov av 24. mai 1961 nr 2 om forretningsbankar,
  2. sparebankar, jf. lov av 24. mai 1961 nr 1 om sparebankar
  3. Postbanken, jf. lov av 5. juni 1992 nr 51 om Norges Postbank
  4. finansieringsføretak, jf lov av 10. juni 1988 nr 40 om finansieringsverksemd og finansinstitusjonar kapittel 3.
  5. morselskap som nemnde i lov av 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsverksemd og finansinstitusjonar § 2a-2 bokstav d som eig institusjon som nemnt i punkt 1,2 eller 4.

I tillegg skal utanlandske filialar i Noreg som er omfatta av finansierings-verksemdslova § 1-4 pkt. 4 og 5 levere RF-1173. Føretak som skal levere RF-1173, skal levere denne i staden for Næringsoppgåve 2 (RF-1167).

Du har tilgang til skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedlegg til.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema