Val av namn

Eit godt føretaksnamn kan bidra til at verksemda di vert lagd merke til. Namnet kan vere avgjerande for at kundar og andre hugsar deg og forstår kva du driv med.


Korleis velja namn

Nokon meiner dei beste namna er dei som skildrar det du skal halde på med, mens andre heller vil ha meir abstrakte namn. Mange store merkenamn brukar meir abstrakte namn (IKEA, Apple, Rema 1000), medan mindre bedrifter med ein tydelegare geografisk og bransjemessig profil, ofte vel eit meir skildrande namn.

Eit skildrande namn kan vere fordelaktig fordi det er informativtog gir klare assosiasjonar til kva og kven du er.

På den andre sida kan eit skildrande namn også skape problem. Andre vil ha rett til å bruke namn som er svært like, og det blir vanskeleg å skilje føretaket ditt frå andre. Dersom du registrerer for eksempel Blomsterbuketten AS, vil andre kunne registrere Blomsterbukettar AS. Og nokon som har valt å kalle seg Valdres bilsørvis AS, må finne seg i at også Valdres bilservice AS opererer i same bransje.

Eit namn som skildrar bransjen din eller inneheld stadnamn, kan også vere problematisk dersom du ønskjer å utvide dekningsområdet og vareutvalet ditt. Narvik Bil AS er eit dårleg namn dersom du ønskjer å utvide slik at du også sel campingvogner i Harstad.

Det er viktig å tenkje over om namnet speglar den identiteten du ønskjer å skape for deg og verksemda, og om det kan forvekslast med andre. Før du bestemmer deg for namn, bør du sjekke om domenenamnet du ønskjer deg er ledig. Du bør også forvisse deg om at ikkje andre har rettar til det namnet du vel, for eksempel varemarkerettar.

Finn ut om namnet er ledig

På navnesok.no kan du finne ut om namnet du ønskjer deg er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke i eitt og same søk. Når du skal registrere, kan følgjande vere ei smart rekkefølgje:

  1. Registrere domenenamn
  2. Registrere føretaksnamn
  3. Registrere eventuelt varemerke

NAMNESØK logo

Tjenesten namnesok.no er eit samarbeid mellom Norid, Brønnøysundregistera og Patentstyret. Finn ut om namnet er ledig på navnesok.no

Domenenavn først, føretak etterpå

Det er ofte vanskelegare å finne eit godt domenenamn som er ledig, enn å finne eit ledig føretaksnamn. Når du har funne eitt eller fleire domenenamn du vil ha, bør du registrere dei med ein gong slik at du unngår at andre tek dei. Det finst dei som følgjer med på nyregistrerte føretak i Brønnøysundregistera for å registrere domenenamn dei reknar med kan vere aktuelle. Dersom dei nyetablerte føretaka ikkje har sørgja for å registrere domenenamnet først, kan det ende med meirarbeid og store kostnader for å få tak i det domenenamnet som passar best til føretaksnamnet.

Dersom du vel eit føretaksnamn som er identisk med eit føretak som allereie er registrert i Føretaksregisteret, må du få samtykke frå dei som eig namnet og leggje dette ved når du registrerer føretaket. Dersom du gjer eit grundig forarbeid, reduserer du risikoen for å måtte skifte føretaksnamn etter å ha brukt tid og pengar på å innarbeide namn og logo.

Smart start (video)

Krav til namn på føretaket

Føretaksnamnet må innehalde minst tre bokstavar frå det norske alfabetet. Namnet kan ikkje berre bestå av namnet på eit land, eit fylke eller ein kommune. Enkelte særlover set avgrensingar på retten til å bruke bestemde begrep i føretaksnavn. Eksempel på ord som ikkje kan brukast fritt er bank, sparebank, apotek og børs.

Føretaksnavnelova om krav til føretaksnamn

I tillegg er det nokre titlar som er reserverte for personar og føretak som har bestemde kvalifikasjonar. Eksempel på slike titlar er advokat, registrert revisor eller statsautorisert revisor, statsautorisert eigedomsmeklar og meister.

Marknadsføringsnamn

Det er mogleg å bruke eit anna namn på verksemda enn det offisielle føretaksnamnet. Dette namnet kan du for eksempel bruke på skilt, som logo eller domenenamn. Eksempelvis kan føretaket Per Holm registrere Grillbua som namn på verksemda. Det offisielle føretaksnamnet Per Holm må likevel kome fram på alle forretningsdokument som brev, nettsider og fakturaar.

Du kan registrere marknadsføringsnamn samstundes som du registrerer føretaket, eller i ettertid. Uansett skal du bruke skjemaet Samordna registermelding. At eit namn er registrert som marknadsføringsnamn, er ikkje til hinder for at andre kan registrere namnet som føretaksnamn. Vi anbefaler at du anten registrerer marknadsføringsnamnet som føretaksnamn eller som varemerke. Bruker du "Grillbua" som marknadsføringsnamn, kan det vere eit inngrep i andre sine registrerte varemerkerettar eller andre sine registrerte føretaksnamn.

Med tenesta navnesok.no kan du finne ut om marknadsføringsnamnet du vurderer er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke.

Vern av namnet

For å verne føretaksnamnet kan føretaket registrerast i Føretaksregisteret. Dersom du har eit enkeltpersonføretak er det heile namnet, inkludert etternamnet ditt, som vil vere beskytta.

Du kan også velje å varemerkebeskytte føretaksnamnet, domenenamnet eller marknadsføringsnamnet ditt.

Patentstyret on ulike typar varemerke

Patentstyret – Søketeneste for patent, design og varemerker i Noreg

Bytte namn på føretaket

Dersom du skal bytte namn på føretaket melder du dette via skjemaet Samordna registermelding.

Åpne kontaktskjema