Her kan du registrere nye einingar og føretak, eller endre registrerte opplysningar. Dei aller fleste organisasjonsformene kan bruke tenesta. Dette gjeld blant anna enkeltpersonføretak, foreining, aksjeselskap, ansvarleg selskap og samvirkeføretak.

Start teneste

Grunna vedlikehald vil ikkje tenesta vere tilgjengeleg mellom kl. 16.00 og 19.00 tysdag 11. desember 2018.

Om denne tenesta

Tenesta kan brukast av alle privatpersonar, men krev at du loggar inn med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).

Denne tenesta kan du bruke for å melde opplysningar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Frivilligregisteret, Meirverdiavgiftsregisteret, NAV Aa-registeret, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB, Stiftingsregisteret og Skattedirektoratet sitt register over skattytarar.

Skjemaet er berre tilgjengeleg på bokmål.

Signering

Når du skal signere meldinga, vil du motta ei signeringsoppgåve i meldingsboksen din i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert.  Meir om signering.

Du kan også signere meldinga ved å laste ned og bruke  Altinn-appen.

For å signere på vegner av eit føretak eller ei eining, treng du Altinn-rolla  Signerar av Samordna registermelding. Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida  Profil, roller og rettar . Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon til å delegere rolla «Signerar av Samordna registermelding» til deg.

Opplysninger som ikke kan meldes

Sjå avgrensingar/opplysningar som ikkje kan meldast elektronisk.

Personvern

Brønnøysundregistrenes personvernerklæring.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema