Varemerke

Eit varemerke er eit namn, ein logo eller eit anna kjenneteikn du kan bruke for å skilje varene og tenestene dine frå andres. Varemerket kan bli svært verdifullt for verksemda di.


Kva er varemerkeregistrering?

Eit registrert varemerke gjev deg eller verksemda di einerett til å bruke varemerket for dine eller verksemda sine varer og tenester. Eineretten gjeld for eksempel for bruk av varemerket på sjølve vara, i dokument, i reklame og/eller ved munnleg omtale. Eineretten inneber at ingen andre kan bruke eit varemerke som kan forvekslast med ditt, for same eller liknande varer og/eller tenester som varemerket ditt er registrert for. Både verksemder og enkeltpersonar kan søkje. 

Patentstyret om varemerke

Sjekk om namnet er ledig på navnesok.no

Finn ein rådgivar på IPR-hjelp.no

Kva kan du registrere som varemerke?

Eit varemerke kan bestå av bokstavar, tal, ord, slagord, namn, logoar, figurar og bilete, emballasje, lyd, rørsle eller kombinasjonar av desse. Eit varemerke må ha særpreg slik at kundane kan skilje produktet ditt frå andres. Varemerket som berre beskriv vara eller tenesta kan i utgangspunktet ikkje registrerast, fordi andre næringsdrivande også må ha lov til å beskrive produktet sitt utan å krenkje andre sine rettar.

For eksempel kan du ikkje utan vidare få eineretten til Økern Bilmekanikar for tenester som gjeld "reparasjon av bilar" sidan varemerket berre fortel kor i Oslo tenesta vert tilbydd, nemleg Økern, og kva slags tenester som vert tilbydde der, nemleg bilmekanikartenester. Dersom du ønskjer ein slik skildrande tekst i varemerket ditt, må du leggje til noko anna som har særpreg for at det skal kunne registrerast. Dette kan for eksempel vere eit figurelement eller ei logoutforming som har særpreg. Då vil det vere kombinasjonen av tekst og figur som blir verna, og ikkje teksta i seg sjølve.

Varemerkelova

Varemerkeforskrifta

Kor lenge varar varemerkeregistreringa?

Eit registrert varemerke gjeld i 10 år og kan fornyast for 10 år om gongen så lenge du ønskjer det. Det er likevel bruksplikt knytt til varemerkeregistreringa. Dette betyr at dersom du ikkje brukar varemerket for alle varene og/eller tenestene du har registrert det for innan fem år, kan registreringa heilt eller delvis bli sletta dersom nokon sender eit krav om dette til Patentstyret.

Ulike symbol for varemerke

Dersom varemerket er registrert, kan du setje symbolet ® bak varemerket. Dersom varemerket ikkje er registrert, men du ønskjer å vise at det er eit varemerke, kan du bruke symbolet ™ bak merket. TM gjev deg ikkje noko vern, men det kan brukast som eit signal til marknaden om at det er å oppfatte som eit varemerke. 

Opphavsrett (eller copyright – ©) er retten til litterære og kunstnariske åndsverk. Dersom ei oppfinning, eit design eller eit varemerke har preg av noko nytt og originalt eller er eit resultat av ein skapande innsats, er det automatisk verna etter åndsverklova. Opphavsrett kan ikkje registrerast, men må fastslåast av domstolane.

Patentstyret – Kva betyr symbola som blir brukte for varemerke og opphavsrett?

Før du søkjer

Det kan vere lurt å undersøkje om andre allereie har ein rett til same eller liknande varemerke. Det kan du for eksempel gjere sjølv ved å bruke Patentstyrets søkjeteneste eller nettstaden navnesok.no. Her kan du søkje i domenenamn, føretaksnamn og varemerke i eitt søk.

Patentstyret – Søketeneste for patent, design og varemerker i Noreg

Namnesøk

Du kan også be Patentstyret utføre ei rask forundersøking for å sjekke om varemerket kan registrerast.

Patentstyret om forundersøking

Korleis søkjer du om varemerkeregistrering?

For å søkje om registrering av eit varemerke er det enklast og raskast å bruke søknadsvegvisaren på Patentstyret sine nettsider. Søknadsvegvisaren gjev deg ein betydeleg enklare søknadsprosess. Du kan skrive og levere søknaden din, betale og få kvittering - i éin operasjon.

Alternativt kan du levere søknaden til Patentstyret via Altinn. Når du søkjer, må du velje kva for klassar varemerket skal gjelde for. Når du søkjer, må du velje kva for klassar varemerket skal gjelde for. Det vil seie at du må avgjere innanfor kva for varegrupper eller tenestekategoriar du ønskjer å verne varemerket.

Patentstyret om saksbehandlingstid for varemerker

Patentstyret – prisoversikt

Internasjonal varemerkeregistrering

Varemerkeregistreringa gjeld berre i det landet der varemerket er registrert. Brukar du varemerket i andre land, bør du vurdere å verne det i desse landa. Det er mogleg å registrere eit varemerke i fleire land samstundes.

Patentstyret – Søk varemerke i andre land

Klage på andres varemerke

Dersom du oppdagar at nokon har fått registrert (eller søkt om registrering av) eit varemerke som du meiner er identisk med eller kan forvekslast med varemerket ditt, kan du klage. Informasjon om vilkår, klagefristar og framgangsmåtar finn du hos Patentstyret.

Patentstyret – Klageordningar varemerke

Patentstyret – Innarbeiding og bruk av eit varemerke

Endring av ditt varemerke

Du kan be om å få endra eit varemerke som er søkt eller registrert. Patentstyret endrar merket dersom endringane er uvesentlege og ikkje påverkar heilskapsinntrykket. Dersom endringane er for store til å kunne godtakast, må du sende ein ny søknad for det endra merket.

Patentstyret om merkeendring

Hald deg oppdatert gjennom Patentstyrets kurs

Patentstyret tilbyr ulike kurs om korleis du kan verne verdiane dine gjennom patent og varemerke- og designrettar. Dei fleste av kursa er gratis, og mange vert strøymde slik at du kan følgje dei der det passar deg.

Patentstyrets kurstilbud

Fellesmerke

Ei foreining av næringsdrivande kan få einerett for medlemane til å bruke eit varemerke eller eit anna kjenneteikn for varene eller tenestene sine.

Ansvarsmerke

Dei som produserer og/eller sel produkt av gull, sølv eller platina med påstempla finleiksgrad (for eksempel 'S925' for sølv), er pliktige til å stemple vara med eit ansvarsmerke som dei har registrert hos Patentstyret.

Åpne kontaktskjema