Planlegg etableringa

God planlegging og fokus på marknaden gjev deg gode sjansar for å lukkast med utvikling av idéen din til ei framtidig verksemd. For at etableringa skal gå bra kan du stille deg følgjande spørsmål: Kor er du? Kor vil du? Kva kostar det? Korleis skal du kome deg dit du vil? Kvifor har du valt denne idéen?


Still spørsmål og avklar undervegs

Desse spørsmåla viser at det er mange viktige ting du bør avklare før du startar opp. Du må bestemme deg for kva for marknader og kundegrupper du vil selje til, og korleis du skal gjere det. Du må vite at kundane vil kjøpe hos deg, og at du vil tene pengar på det du skal selje. I tillegg må du ha tenkt utkvifor du ønskjer å satse på denne ideen og kva som er drivkreftene bak. Då kan det vere smart å gjere ei personleg avklaring av deg sjølv og ditt utgangspunkt samstundes som du jobbar med å utvikle ideen din. Når produktet skal ut i marknaden er det viktig at kundane ikkje berre trur på produktet - men at det også blir vist eit ektefølt engasjement hos bedrifta, utover det å tene pengar. I planleggingsfasen vil ein klart formulert forretningsidé og visjon hjelpe deg å stake ut kursen. Det kan også vere lurt å lage ein plan for korleis du skal gjere dette.

Lytt til marknaden

Det store spørsmålet før du startar er sjølvsagt om det kjem til å gå bra, og om verksemda på sikt vil kunne gå med overskot. Det er ingen som kan gje eit sikkert svar, men du kan få ein viss peikepinn ved å:

  • spørje framtidige kundar korleis dei oppfattar tilbodet ditt
  • spørje leverandørar kva dei trur
  • halde auge med dei etablerte i bransjen
  • analysere marknaden
  • kartleggje kva for konkurrentar du har
  • anslå kor stort kundegrunnlaget er

Du treng ikkje bruke pengar på å engasjere andre til å kartleggje marknaden. Du kan få mykje informasjon gjennom å bruke Brønnøysundregistera si teneste "Opne data" som er gratis. Her finn du oppdaterte opplysningar om registerte verksemder og du kan skreddarsy kva for informasjon du vil laste ned.

Brønnøysundregistera – opne data

Visjon og forretningsidé

Det kan vere nyttig å bruke tid i planleggingsfasen på å formulere ein visjon og forretningsidé for oppstarten din.

Ein visjon er eit draumebilete på kva du og verksemda di ønskjer å oppnå på sikt, og er ei leiestjerne for den framtidige versemda. Ein idé blir ein forretningsidé når han kan dekkje eit behov i marknaden og gjev eit konkurransefortrinn som kan bevarast over tid. Forretningsidéen beskriv kva du skal selje til kven og kvifor kundane skal kjøpe frå deg.

Eksempel på samanheng mellomvisjon og forretningsidé:

IKEAs visjon er "å skape ein betre kvardag for mange menneske".

IKEAs forretningsidé er  støtte opp om denne visjonen ved "å tilby eit stort utval form- og funksjonsriktige heiminnreiingsprodukt til så låge prisar at så mange menneske som mogleg har råd til å kjøpe dei".

Involver andre i planlegginga

Du kan ha god nytte av å diskutere idéen din med andre. Det kan gje deg gode innspel for å kome vidare med planlegginga av eiga verksemd. Eit godt tips er å byggje nettverk med hjelparar som er flinke på område du treng hjelp. Gode hjelparar kan vere nokon du kjenner eller andre næringsdrivande som har erfaring frå å drive næringsverksemd. Det kan vere kan vere kommunen sine næringsansvarlege, bankforbindelsen din, eit rekneskapskontor, ein revisor eller ein advokat om du treng hjelp til å utforme avtalar.

Lag gode planar

Tenkjer du å ha samarbeidspartnarar og søkje finansiering hos bank eller tilsvarande, er dei opptekne av at du kan vise til realistiske planar og budsjett for å inngå eit samarbeidmed deg.

All relevant informasjon om korleis du vil realisere forretningsidéen  oppsummerer du i en forretningsmodell. Neste steg i planleggingsfasen vil vere å lage gode oppstartsbudsjett og eventuelt utarbeide ein forretningsplan.

Åpne kontaktskjema