Forretningsmodell

Forretningsmodellen er eit arbeidsverktøy for å modellere ideen din. Den gjev deg oversikt over korleis du skal gjennomføre etableringa i praksis og tene pengar.


Verktøy for utvikling og kommunikasjon

Forretningsmodellen viser korleis forretningsidéen kan realiserast, og er eit fint verktøy når du skal kommunisere idéen til potensielle kundar, samarbeidspartnarar og finansieringsinstitusjonar.

Nokre av dei viktigaste spørsmåla som skal svarast på i forretningsmodellen din er:

  • Kva skal du levere?
  • Kven er kundane?
  • Kven er eventuelle konkurrentar og kven er samarbeidspartnarar?
  • Korleis skal du selje?
  • Korleis skal du levere?
  • Korleis skal du få betalt?
  • Korleis skal du skape forteneste?

Eit levande dokument

Forretningsmodellen skal vere "eit levande dokument", i betydninga av at du heile tida må gjere endringar og justeringar når nye opplysningar om prosjektet ditt kjem fram. Ein forretningsmodell gjev deg eit godt grunnlag for å ta avgjerda om å starte opp eller ikkje.

Korleis lage ein forretningsmodell?

Det finst ulike framgangsmåtar for å lage ein forretningsmodell. Hos Innovasjon Noreg kan du lese meir om ulike metodikkar og verktøy for å byggje forretningsmodellen din..

Innovasjon Norge – korleis lage ein forretningsmodell

Frå forretningsmodell til forretningsplan

Når du har ein forretningsmodell som du vil gå vidare med, kan du om ønskjeleg, utarbeide ein forretningsplan. I forretningsplanen gjev du ei meir detaljert forklaring av forretningsmodellen, med fokus på korleis du skal gjennomføre etableringa. Ved utarbeidinga av forretningsplanen lagar du også nødvendige oppstartsbudsjett.

 

Åpne kontaktskjema