Forretningsplan

Forretningsplanen er eit styringsverktøy som hjelper deg med kva du skal gjere, korleis du skal gjere det og kvifor du bør gjere det eller noko liknande. Den skal gje deg og andre eit realistisk bilete av det du skal gjere og vil vere eit viktig styringsdokument i oppstartsfasen.


Kvifor lage forretningsplan?

Når du har jobba med forretningsmodellen og fått oversikt over korleis du vil drive verksemda di, kan det vere behov for å konkretisere dette i ein forretningsplan. Eit grundig arbeid med forretningsplanen aukar sannsynet for ei vellukka etablering, og du får ei betre oversikt over den reelle risikoen du påtek deg.
Treng du hjelp frå investorar kan forretningsplanen vere eit nyttig verktøy for å presentere prosjektet ditt overfor bankar, samarbeidspartnarar, myndigheiter og liknande. Dei som ønskjer å satse pengar på prosjektet ditt må vite kva dei gjev seg ut på.

Når bør forretningsplanen utarbeidast

Forretningsplanen kan utarbeidast etter at du har fått på plass dei viktigaste punkta for avgjerder i forretningsmodellen din. Forretningsplanen gjer det enklare å sjå samanhengar mellom det du skal tilby, marknaden og kva for ressursar som er nødvendige for å starte opp. Du får god oversikt og eit avgjerdsgrunnlag før du gjer investeringar og avtalar. Det er viktig at du sjølv har styring på forretningsplanarbeidet. Søk gjerne råd og rettleiing hos andre undervegs.

Forretningsplan (døme på disposisjon)

Åpne kontaktskjema