Kompensasjonsmelding for meirverdiavgift (RF-0009)

Kommunar, fylkeskommunar og nokre typar private og ideelle verksemder kan krevje refusjon for meirverdiavgift dei har betalt.

Les meir og lever kompensasjonsmelding på skatteetaten.no

For å korrigere terminar før 1. januar 2023, bruk lenka under "Gamle versjonar av skjemaet"

Om denne tenesta

Det er berre mogleg å sende inn krav om kompensasjon innanfor fristane nemnd nedanfor. Etter fristen kan det berre gjerast endringar på ei tidligare innsending (på korrigert melding), beløpet må være lågare enn den tidlegare meldinga (altså ei minking av kravet) og revisor skal ikkje attestere.

Rakk du ikkje fristen, kan kravet tas med i ei kompensasjonsmelding for neste termin. Ein ny termin opnar ca. 40 dagar før fristen.

Innlevering kvar annan månad til følgjande fristar:

  1. termin 10. april
  2. termin 10. juni
  3. termin 31. august
  4. termin 10. oktober
  5. termin 10. desember
  6. termin 10. februar 

Meldinga kan leverast av kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, barnehagar, kyrkjeleg fellesråd, sokneråd, private og ideelle verksemder som utfører dei lovpålagde oppgåvene til kommunen innan helse, sosial og undervisning.

Du kan fylle ut og sende til attestering med ei av desse Altinn-rollene:

 

Dersom du har ei av desse rollene, kan du fylle ut kompensasjonsmeldinga, men ikkje sende til attestering:

 

Attestering krev rolla  Ansvarleg revisor eller Revisorattesterar - MVA kompensasjon.

 

Les meir om roller og rettar.

Skal du korrigere kompensasjonsmeldingar for terminar før 1.januar 2023, brukar du dette skjemaet:

RF-0009 Meirverdiavgift (mva/moms) søknad om kompensasjon

Åpne kontaktskjema