Tenesta blir brukt til å senda inn søknad og oppmoding om utbetaling av tilskot til utgreiingar og forprosjekt. Styra for «Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri» lyser vanlegvis ut midlar éin til tre gonger per år.

Start teneste

Om denne tenesta

Tenesta blir brukt for å:

søkja om midlar til utgreiingar og forprosjekt frå FFL/JA
senda inn oppmoding om delutbetaling av innvilga tilskot
senda inn oppmoding om sluttutbetaling og sluttrapport for gjennomført prosjekt

Søknadsfrister finn du på Landbruksdirektoratets nettsider om Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri.

Utgreiings- og forskingsverksemder, fag- eller næringsorganisasjonar eller andre føretak kan sende inn søknad. Føretaket du søkjer for må vere registrert i Enhetsregisteret.

For å søkje, må du ha rolla «Primærnæring og næringsmiddel» eller ha enkeltrett til denne tenesta i til tenesta i Altinn. Sjå hjelpesidene i Altinn for rettleiing.

For å sjekke om du har rett rolle eller enkeltrett, kan du logge inn i Altinn og sjå under menypunktet "Profil | Skjema og tjenester du har rettighet til". Om du ikkje har rett rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har rett til det, å delegere denne til deg. Sjå Altinn sine hjelpesider for rettleiing om roller og rettar.

Ver merksam på at alle brev i saka vil gå til føretaket si innboks i Altinn, med varsel på e-post/sms til kontaktpersonen for prosjektet.

Trykk på knappen «Start tjeneste» for å få tilgang til søknadsskjema og førespurnad om utbetaling.

Kun éin søknad kan opprettast per føretak om gongen.
På vegner av same føretak er det kun éin om gongen som kan opprette og sende inn søknad i Altinn. For føretak som ønskjer å sende inn fleire søknader, kan denne avgrensinga skape problem dersom fleire ventar med å sende inn søknad til siste dag før fristen går ut. Ein søkjar frå same føretak vil kome inn i ein allereie lagra søknad, dersom den ikkje er sendt inn. Vi tilrår difor å sende inn søknad med ein gong etter at den er oppretta i staden for å lagre søknaden mellombels, for så å sende den på eit seinare tidspunkt.

Vi oppmodar føretak som skal sende inn fleire søknader om å koordinere oppretting og innsending av søknadar. Prosjektomtale og andre vedlegg som skal fylgje søknaden, kan ein arbeide med utanfor Altinn, og laste opp i den elektroniske søknaden når den skal sendast inn.

«Forskingsmidla for jordbruk og matindustri» har to finansieringskjelder: Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og Forskingsmiddel over jordbruksavtalen (JA).

FFL skal finansiere forsking knytt til landbruksprodukt som vert brukt til å framstille nærings- og nytingsmiddel, og fôrkorn til husdyr. Avgifta er brukarane sitt bidrag til å fremje forsking som skal kome ein bransje eller ein produksjon til gode.

JA-midla skal bidra til å dekkje avtalepartane sitt behov for forsking og utvikling med hovudvekt på bruksretta kunnskap. Midla vert forhandla fram i det årlege jordbruksoppgjeret. Avtalepartane er staten ved Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet:
forskning@landbruksdirektoratet.no

Åpne kontaktskjema