Skatt for personlege aksjonærar i aksjeselskap

Ein aksjonær kan skattleggjast på to ulike måtar for inntekter frå eit aksjeselskap:


Aksjonær som arbeider i selskapet

  • Skatt på lønn frå selskapet
  • Skatt på aksjeutbytte

Når du som aksjonær arbeider i selskapet og får lønn, må selskapet betale arbeidsgjevaravgift og utføre skattetrekk for deg på lik linje med eventuelt andre tilsette. Kor mykje som skal trekkjast i skatt går fram av skattekortet ditt som selskapet hentar i Altinn.

Dersom du får utbyte frå selskapet må du betale skatt av utbytet. Skatten vert rekna ut for det året utbyteutdelinga vert vedteken av generalforsamlinga. Skattegrunnlaget vert skattlagt med 22 prosent.

Skatteloven om skatteplikt på lån og utbytte til aksjonær

Nærmare om skattegrunnlaget

Skatt på aksjeutbyte vert rekna ut etter ein eigen metode kalla aksjonærmodellen. Utbytet skal reduserast med eit skattefritt beløp (skjermingsfrådrag) og multipliserast med ein faktor på 1,72 før skatten vert rekna ut.

Skjermingsfrådraget = skjermingsgrunnlaget x skjermingsrenta

Skjermingsgrunnlaget er som hovudregel lik det du skaffa aksjen for, inkludert utgifter som har direkte samanheng med anskaffinga, for eksempel meklarutgifter. Skjermingsrenta blir fastsett av Skattedirektoratet og kunngjord i januar året etter skattleggingsperioden (inntektsåret).

Skjermingsrenten

Dersom utbytet eit år er mindre enn skjermingsfrådraget, kan du framføre det resterande skjermingsfrådraget på denne aksjen. Dette vert gjort ved at kostprisen vert auka med det unytta skjermingsfrådraget, og dannar eit nytt skjermingsgrunnlag det påfølgjande året.
Dersom du sel eller på annan måte realiserer aksjen, vil gevinsten reduserast med unytta skjerming frå tidlegare år. Gevinst ved realisasjon av aksjar er skattepliktig, og tap gjev rett til frådrag.

Om aksjonærmodellen

Eksempel

Du har starta eit aksjeselskap med aksjekapital på 30 000 kroner. Du tek ut 50 000 kroner i utbyte i 2024. Skjermingsrenta for 2024 sier vi er 0,7 %.

Utbyte (i kroner): 50 000
Skjermingsfrådrag: 30 000 * 0,7 % = 210
= utbyte før skattemessig oppjustering 49 790
Beregningsgrunnlag for skatt 49 790 * 1,72 (fastsatt oppjusteringsfaktor for 2024) = 85 639
= Skatt på utbyte: 85 639 * 22 % skatt 18 841

Maksimal skatt for selskap og eigar

For mange vil det totale skattebiletet for deg som aksjonær og selskapet samla sett vere av betydning. Følgjande eksempel kan illustrere den maksimale skatten som du og selskapet betalar til saman for overskot og motteke utbyte:
I dette eksempelet set vi skjermingsfrådraget til 0. Overskotet i eit aksjeselskap vert skattlagt med 22 prosent.

Selskapets overskudd 100 000
- skatt 22 % 22 000
Skattepliktig utbytte 78 000

Aksjeeigar:

Skattepliktig utbyte vert oppjustert med faktor 1,72 i inntektsåret 2024 før skatteutrekninga: 78 000 x 1,72 = 134 160 kroner.
Skatt på utbyte: 134 610 * 22 % avrunda til kroner 29 516.

Maksimal skatt for selskap og aksjonær: 22 000 + 29 516 = 51.516.

Dette svarar til at samla skattesats på 51,5 prosent for selskapet sitt overskott og eigarutbytet under eitt. Skatten på utbytet isolert sett blir 37,8 prosent.

Dersom du i staden tek ut utbytet som lønn, vil den totale skatteprosenten vere mellom 29,9 og 47,4 prosent, og selskapet vil i tillegg måtte betale arbeidsgjevaravgift. 

Betaling av skatt på utbyte

Selskapet skal ikkje trekkje skatt av utbytet som vert delt ut til aksjonærane sine. Det er mottakaren av utbytet som skal betale skatten. Dette gjer ein ved å betale tilleggsforskotsskatt. På Skatteetatens nettsider kan du lage KID-nummer og finne riktig kontonummer for innbetaling av tilleggsforskot. Betalar du skatten innan 31. mai, slepp du å betale renter på skattebeløpet.

Skatteetaten - KID for tilleggsforskudd og forskuddsskatt

Lån til aksjonær

Dersom du som aksjonær tek opp lån frå eige AS, skal dette som hovudregel behandlast etter reglane for utbetaling av utbyte.
Det same gjeld for motteke forskot på utlegg for deg som aksjonær, dersom det ikkje kan dokumenterast at forskotet faktisk gjeld utlegg..

For å unngå at du blir dobbelt skattlagd, vil tilbakebetaling av lån som tidlegare er skattlagd, reknast som innskot av ny aksjekapital. Det betyr at tilbakebetalingsbeløpet vert fordelt og lagt til inngangsverdien på aksjane dine. Dette vil auke skjermingsgrunnlaget. Det tilbakebetalte beløpet kan takast ut igjen av selskapet til aksjonæren utan skattlegging.

Skatte-ABC om lån til aksjonærer

Åpne kontaktskjema