Avskriving

Nokre investeringar kan førast til frådrag i rekneskapen med ein gong. Andre må avskrivast. Det betyr at kostnaden vert frådragsført over fleire år.


Kva er avskriving?

Gjer du større investeringar i verksemda kan det vere at eigedelane/investeringa skal avskrivast (frådragsførast) over tid. Det er du som må gjere vurderinga i forhold til om investeringa skal avskrivast over tid, eller om du kan frådragsføre investeringa i sin heilskap med ein gong.

Når du avskriv ein eigedel betyr det i praksis at du frådragsfører verdifallet på eigedelen etter kvart som han vert bruka og sliten.

Rekneskapsmessig og skattemessig er det er ulike reglar for avskriving. Føretak som berre er bokføringspliktige treng berre å ta stilling til dei skattemessige reglane. Dette gjeld dei fleste enkeltpersonføretaka. Føretak som er årsrekneskapspliktige må også ta stilling til reglane i rekneskapslova. Alle aksjeselskap er for eksempel rekneskapspliktige.

Små føretak kan velje

Rekneskapspliktige føretak som er små etter rekneskapslova, kan velje å bruke dei skattemessige reglane for avskriving dersom det gjev ein fornuftig avskrivingsplan.

Regnskapslova om små føretak

Skattemessige avskrivningsreglar

Skattereglane seier at varige og betydelege eigedelar og investeringar skal avskrivast med saldoavskrivingar. Ifølgje skattereglane vert ein eigedel rekna som varig og betydeleg når han vert forventa å ha ei brukstid på minst tre år og har ein kostpris på minst 30 000 kroner (15 000 kroner i 2023).

Ved saldoavskrivingar skal du avskrive ein fast prosentsats av restverdien på eigedelen kvart år. Det har ikkje noko å seie når på året eigedelen blir skaffa og teken i bruk. Om du kjøper eigedelen i desember, skal du likevel frådragsføre heile prosentdelen på det aktuelle rekneskapsåret.

Skatteloven om avskrivinger

Skatteetaten - avskrivingssatser

Eksempel på saldoavskrivning

Per Hansen kjøper ei stor kopimaskin til verksemda si. Denne kostar 100 000,-kroner (eksklusiv meirverdiavgift). Ei kopimaskin kjem inn i saldogruppe A (kontormaskiner o.l.), og skal avskrivast med 30 prosent av restverdien kvart år.

Dei skattemessige avskrivingane blir slik:

  • Første års avskriving: 100 000*30 % = 30 000 – restsaldo kroner 70 000.
  • Andre års avskriving: 70 000*30 % = 21 000 – restsaldo kroner 49 000.
  • Tredje års avskriving: 49 000*30 % = 14 700 – restsaldo kroner 34 300.

Og så vidare...

I praksis går det aldri i null, men når saldoen er under 30 000 kroner (15 000 i 2023) (før årets avskriving) på kvar enkelt saldo kan restverdien frådragsførast heilt eller delvis etter eige val.

Rekneskapsmessige avskrivningar

Ifølgje rekneskapslova skal ein eigedel som er bestemd "til varig eige eller bruk" avskrivast. Det er ikkje gjeve noko eksakt grense for når eigedelen skal avskrivast, slik det er gjeve skattemessig. Mange brukar likevel grensa som skattereglane gjev som grunnlag for vurdering av når eigedelen skal avskrivast, også rekneskapsmessig (30 000 kroner (15 000 kroner i 2023) eksklusiv meirverdiavgift og varar over tre år).

Rekneskapslova seier at ein eigedel/ei investering skal avskrivast etter ein "fornuftig avskrivingsplan". Avskrivingstida må vurderast for kvar enkel investering. Ofte fordeler ein kostprisen med like store beløp over den pårekna levetida til eigedelen. Dette vert også kalla for lineær avskriving. Er eigedelen kjøpt i november, frådragsfører du rekneskapsmessig normalt berre for 2/12-deler av året.

Regnskapsloven om avskriving

Eksempel på rekneskapsmessig avskrivning

Bedrifta AS må følgje rekneskapsreglane for avskrivingar. Dagleg leiar Kari Hansen kjøper kopimaskina i november for 100 000 kroner. Ho meiner at ein fornuftig avskrivingsplan vil vere å avskrive kopimaskina på tre år, med like beløp kvart år.

  • Første års avskriving: 100 000/3 = 33 333. For nov/des = 33 333/12*2 = 5 556.
  • Andre års avskriving: 100 000/3 = 33 333.
  • Tredje års avskriving: 100 000/3 = 33 333.
  • Fjerde års avskriving: 100 000/3 = 33 333. For jan-okt = 33 333/12*10 = 27 778.

Heile beløpet vil etter tre år frå kjøpsdatoen vere fullt ut avskrive.

Mellombelse forskjellar

Rekneskapspliktige føretak må altså i nokre tilfelle ta stilling til ulike krav i samband med kva tal som skal leggjast til grunn skattemessig og rekneskapsmessig. Dette fører til eit avvik mellom det skattbare og det rekneskapsmessige resultatet. Dette vert normalt justert mot ein balansekonto som heiter "utsett skattefordel" eller "utsett skatteforplikting". Over tid vil denne gå i null.

Åpne kontaktskjema