Permittering

Med permittering meiner ein at arbeidstakaren mellombels vert friteken for arbeidsplikt i samband med driftsinnskrenking eller driftsstans. Arbeidsgivar vert samstundes friteken frå å betale lønn til arbeidstakar i ei avgrensa periode.


Heil eller delvis permittering

Permittering kan setjast i verk anten i ein samanhengande periode (heil permittering) eller ved innføring av redusert arbeidstid (delvis permittering). Den permitterte arbeidstakaren har framleis status som tilsett.

NAV om permittering og omstilling

NAV om å søka dagpengar under permittering

Vilkår for permittering

For at du skal kunne permittere tilsette, må det vere ein sakleg grunn. Eksempel på dette kan vere ordremangel og fulle lager, tap av anbod, ulukker og naturhendingar. Vidare krevst det at du som arbeidsgivar har gjort det som er rimeleg at ein kan krevje for å unngå permittering. Permitteringa må vere basert på forhold som er å sjå på som mellombelse. Dersom det ikkje er rimeleg grunn til å tru at arbeidstakaren vil bli teken tilbake i arbeid, må bedrifta heller gå til oppseiing.

Arbeidstilsynets om permittering

Kven kan permitterast

I hovudsak er det personar som vert definerte som arbeidstakarar som kan permitterast. Innehavaren av eit enkeltpersonføretak vert definert som sjølvstendig næringsdrivande og kan ikkje permittere seg sjølv.

Tilsette i eige aksjeselskap

Tilsette i eige aksjeselskap er å sjå på som arbeidstakarar og har normalt rett til dagpengar ved permittering. 

Dersom du som einaste tilsette i eige aksjeselskap permitterer deg sjølv meir enn 80 prosent, får du som hovudregel ikkje dagpengar. Dersom du avviklar drifta kan du ha rett til dagpengar når oppseiingstida di er over.

Maksimal permitteringsperiode

Arbeidsgivar kan normalt permittere tilsette i ein periode på inntil 26 veker i løpet av 18 månader. 

NAV - permitteringskalkulator

Drøftingsmøte før permittering

Før permittering må du som arbeidsgivar avholde drøftingsmøte med tillitsvald/dei tillitsvalde. Her må du gjere greie for nødvendigheita av permittering og kva for arbeidstakarar dette gjeld. Dersom permitteringa ikkje gjeld alle, må utvelginga vere basert på saklege kriterium ut frå behova til verksemda (eksempel på kriterium kan vere ansiennitet, ønskjelege eigenskapar og kompetanse). Det skal førast protokoll frå dette møtet, kor det blant anna skal gå fram kva arbeidsgivar har gjort for å unngå permittering.

Varsel til dei tilsette

Dei tilsette skal normalt ha skriftleg permitteringsvarsel seinast 14 kalenderdagar før permitteringa trer i kraft. Ved uventa hendingar er fristen normalt to kalenderdagar. Årsaka til varslingsplikta si lengde bør kome klart fram i permitteringsvarselet. NAV overprøver vanlegvis ikkje ei forkorta varsling, dersom forholdet går inn under arbeidsmiljølova sine reglar om ulukker, naturhendingar eller andre uventa hendingar.

Varselet skal vere datert, med informasjon om tidspunkt for når permitteringa startar, årsaka til permitteringa, permitteringsgraden, lengda på permitteringa og kor mange dagar arbeidsgivaren har lovpålagd lønnsplikt. Dersom lengda på permitteringa er usikker, bør sannsynleg lengde førast opp. I desse tilfella må spørsmålet om vidare permittering drøftast med dei tillitsvalde innan ein månad.

Arbeidstilsynet om permitteringsvarsel

Permitteringsvarsel.doc

Hovudavtalen mellom LO og NHO

Meldeplikt ved permittering av ti eller fleire arbeidstakarar

Dersom du som arbeidsgivar vurderer å gå til massepermittering må du så tidleg som mogleg og seinast samstundes som du kallar inn dei tilsette til drøftingar, gje melding om dette til NAV. Med massepermittering meiner ein at ti eller fleire av arbeidstakarane vil bli permitterte utan lønn, eller i meir enn fire veker vil få arbeidstida si innskrenka med meir enn 50 prosent for veka. Meldeplikta skal sikre at NAV kan hjelpe verksemda og arbeidstakarane det får følgjer for.

Trekkje tilbake varsla permittering

Iverksetjing av ei varsla permittering kan utsetjast, men arbeidstakarane må varslast om dette snarast mogleg.

A-melding og permittering

Ved permittering skal arbeidstakarar ikkje meldast ut av Aa-registeret, men du skal føre opp i a-meldinga at arbeidstakaren er permittert.

Lønnspliktdagar/arbeidsgivarperiode

Som arbeidsgivar må du betale lønn i 15 dagar frå første dag av permitteringa (lønnspliktdagar, det vil seie dagar der arbeidstakaren normalt skulle ha vore i arbeid). Dersom arbeidstakaren er sjukmeld før permitteringa startar, skal ikkje arbeidsgivaren betale lønnspliktdagar før arbeidstakaren er friskmeld.

NAV - vegvisar for permittering

NAV - rundskriv om arbeidsgivers lønnsplikt

Lov om lønnsplikt under permittering

Dagpengar ved permittering

For å ha rett til dagpengar må arbeidstakaren si samla arbeidstid vere redusert med minst 50 prosent. Har arbeidstakaren fleire arbeidsforhold, er det den samla arbeidstida som må vere redusert.

Dersom arbeidstakaren legg ved utfylt permitteringsvarsel til søknaden om dagpengar, får NAV normalt opplysningane som er nødvendige for å behandle søknaden om dagpengar.

Arbeidsgivaren skal betale full lønn dei femten første arbeidsdagane etter at permitteringa er iverksett (lønnspliktdagar). Etter det kan arbeidstakeren ha rett til dagpengar.

NAV om å søka dagpengar under permittering

NAV til dei som har søkt eller får dagpengar

NAV - rundskriv om dagpenger ved permittering

Meir informasjon om permittering

Åpne kontaktskjema