Alle verksemder som skal leiga ut arbeidskraft som bemanningsføretak, må frå 1. januar 2024 vere godkjend av Arbeidstilsynet. Det er berre verksemder med ei slik godkjenning som lovleg kan leiga ut arbeidstakarar som bemanningsføretak. 

Alle bemanningsføretak som får godkjenning av Arbeidstilsynet, vil bli oppført i ei oversikt over offentleg godkjende bemanningsføretak på arbeidstilsynet.no.

Start teneste

Om denne tenesta

Alle verksemder som skal tilby utleige av arbeidskraft som bemanningsføretak, må søke om godkjenning. Bemanningsføretak er verksemder som har som hovudformål å tilby utleige av arbeidskraft.

Det er hovudeininga i verksemda som søker om godkjenning som bemanningsføretak på vegner av alle undereiningane i verksemda.

I søknaden må alle legge ved

  • dokumentasjon på vernetenesta dykkar
  • døme på ulike typar arbeidsavtalar
  • forsikringsbevis som viser at de har aktiv yrkesskadeforsikring
  • rutinar som viser at de sikrar likebehandling av lønns- og arbeidsvilkår

Bemanningsforetak som ikkje er registrert som aksjeselskap (AS) eller allmennaksjeselskap (ASA) i Noreg, eller tilsvarande AS eller ASA i andre EØS-land, må legge ved ein garanti frå bank eller forsikringsselskap.

Bemanningsføretak som er registrert i utlandet må legge ved dokumentasjon på registreringsforholdet frå heimlandet. Alle utanlandske føretak registrert i Noreg som skal driva verksemd i Noreg, og som ikkje har fast forretningsstad eller heimstad i Noreg, skal ha eller oppnemna ein representant. Representanten må ha heimstad eller fast forretningsadresse i Noreg.

Les meir om vedlegga og innhaldet i søknaden (arbeidstilsynet.no)

Treng du hjelp?

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:

Kontakt svartenesta

Meir informasjon:

Arbeidstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema