Arbeidsgivaren skal sende inntektsmeldinga når arbeidstakaren skal ha sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar eller stønader ved sjukt barn eller nærståande.
Les meir på nav.no/inntektsmelding

Start teneste

Om denne tenesta

• Ved foreldrepermisjon skal du sende inntektsmeldinga tidlegast fire veker før arbeidstakaren skal ha foreldrepengar. Dette gjeld også når den tilsette startar foreldrepermisjonen med å utsetje han.

• Ved sjukefråvær skal du sende inntektsmeldinga så snart arbeidsgivarperioden er over.

Inntektsmeldinga gjeld desse ytingane frå NAV:
• Sjukepengar
• Foreldrepengar
• Svangerskapspengar
• Omsorgspengar
• Pleiepengar
• Opplæringspengar

For å bruke denne tenesta må du ha ein av desse tilgangane i Altinn:
• Ansvarleg revisor
• Lønns- og personalmedarbeidar
• Rekneskapsførar lønn
• Rekneskapsførar med signeringsrett
• Rekneskapsførar utan signeringsrett
• Revisormedarbeidar
• Kontaktperson NUF

Her finn du meir informasjon og ei oversikt over alle Altinn-rollene.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør, på sida Profil. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla, til å delegere henne til deg.

Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Forskrift om at saksopplysningar til Arbeids- og velferdsetaten skal givast elektronisk, § 1 er gitt med heimel i folketrygdlova § 21-4. Ho trer i kraft 1. januar 2019.

Kontaktinformasjon:

NAV Kontaktsenter 55 55 33 36.Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema