Kva er Altinn?

Altinn er ein internettportal for digital dialog mellom næringslivet, privatpersonar og offentlege etatar. Altinn er også ein teknisk plattform, som offentlege verksemder kan nytte for å lage digitale tenester.


Altinn blir vidareutvikla, drifta og forvalta av Altinn-samarbeidet, som består av ei rekke offentlege etatar. Brønnøysundregistera forvaltar den tekniske løysinga på vegne av dette samarbeidet, og avgjør korleis den tekniske løysinga skal videareutviklast.

I dag er Altinn ein veletablert og omfattande plattform, og er i sterk vekst når det gjeld datavolum, tilknytta offentlege verksemder og talet på elektroniske sluttbrukartenester. Altinn-løysinga blir også stadig vidareutvikla med forbetringar av eksisterande funksjonalitet og ny funksjonalitet. Du kan lese meir om funksjonalitet på nettstaden Altinnett.

Altinn inneheld også svært mykje nyttig informasjon for gründarar og små/mellomstore bedriftar under Starte og drive bedrift på Altinn.no. Her finst også oversikt over alle statlege støtteordningar til næringslivet.

Bruken av Altinn

Over 4 millionar privatpersonar har ein innboks (inkludert «arkiv») i Altinn gjennom fødselsnummeret sitt. Og over 1 million verksemder er registrerte som brukarar gjennom eit organisasjonsnummer. Frå oppstarten i 2003 og fram til oktober 2016 er det sendt inn ca. 141 millionar skjemasett gjennom Altinn og det er sendt ut ca. 150 millioner dokument og vedtak frå forvaltinga til brukarane. Dette har ført til innsparingar i milliardklassa for både det offentlege og næringslivet.

Bruken av tenestene i Altinn aukar stadig. Berre i 2015 var det ei auke på over 30 prosent, blant anna grunna innføringa av A-ordninga. Talet på meldingar sendt frå etatar og kommuner til brukarane sine innboksar i Altinn auka med 37 prosent i 2015 og talet på meldingar frå kommunene blei firedobla.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema