Verksemdssertifikat

Verksemdsertifikat er ein autentiseringsmetode som er knytt til organisasjonsnummer, og som fyrst og fremst er berekna for større verksemder.

Trinn 1. Installer verksemdssertifikatet på datamaskina di

Korleis dette gjerast, kan leverandør av sertifikatet vere til hjelp med (Commfides eller Buypass). Innlogging med verksemdssertifikat kan berre nyttast på maskineining som har fått sertifikatet installert.

Trinn 2. Opprett ein virksemdsbrukar i Altinn.no

Kan vert gjort ved innlogging eller under Profil.

Vel Logg innGå vidare til fleire innloggingsmetodar → Innlogging med verksemdssertifikat → Vel sertifikat og Lag ny brukar.

Personar med rolla Tilgangsstyring på verksemda vil kunne registrere og administrere brukarar med verksemdssertifikat frå menyen ProfilAvanserte innstillingar.
For å registrera ny brukar må du først laste opp eit sertifikat. Du treng då ei cer-fil. Har du ikkje fått den frå din sertifikatleverandør, kan du lage den sjølv ved å eksportere sertifikatet frå nettlesarinnstillingane (sertifikatet må då være installert på PCen).

  • I Google Chrome gjer du dette i Innstillingar → Personvern og sikkerheit → Sikkerheit → Administrer sertifikat.
  • I Microsoft Edge gjer du dette i Personvern, søk og tenester → Sikkerheit → Administrer sertifikat.

Vel sertifikatet og knappen eksporter. Bruk standarvala til du kjem til filnamn og lagre ein stad der du finn igjen fila.

Trinn 3. Verksemdsbrukar får delegert roller

Når verksemdbrukaren er oppretta, kan dagleg leiar/styreleiar eller annan person med delegeringsrett for verksemda, delegera roller og rettar til verksemdsbrukar(ane).

Rollar vert delegert til brukernamn frå menyen Profil → Andre med rettar til verksemda. 


Åpne kontaktskjema