For velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Skjemaet er for velgjerande organisasjonar som engasjerer ein privatperson til arbeidsoppdrag og lønnsutgifta ikkje inngår i næringsverksemd.

Start teneste

Om denne tenesta

Bruk skjemaet for å gi opplysningar om lønn og forskottstrekk for tilsette når:

  • lønnsutgifter per tilsett ikkje overstig 80 000 kroner i løpet av året
  • samla lønnsutgiftar for alle tilsette ikkje overstig 800 000 kroner i løpet av året

MERK: Overstig utbetalingane ei av grensene ovanfor, skal du ikkje bruke dette skjemaet. Da skal du sende ei ordinær a-melding (A02 eller A01). Har du allereie brukt dette skjemaet (A05) og det viser seg at du går over grensene, kan du bruke skjemaet A05 ut året.

For utbetalingar som ikkje overstig 10 000 kroner per tilsett i løpet av året, treng du ikkje sende melding.

Skjemaet er for velgjerande og allmennyttige organisasjonar.

For å bruke skjemaet treng du ei av desse rollene i Altinn:

  • Utfyllar/innsendar
  • Rekneskapsførar med signeringsrett
  • Rekneskapsførar utan signeringsrett
  • Rekneskapsførar lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeidar

Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla

Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla til å delegere dei til deg.

Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Frist

Skjemaet skal sendast inn seinast fyrste yrkedag etter du betaler ut lønn.

Betaling

Betal forskotstrekket til din lokale skatteoppkrevjar med eigen KID same dag som du har sendt inn meldinga.

Samanstilling/årsoppgave

Leverer du forenkla a-melding for ein velgjerande og allmennyttig organisasjon er du friteken frå å levere ein årleg samanstilling/årsoppgave til den ansatte.

  • Finn fram til det juridiske organisasjonsnummeret du sender meldinga for
  • Fyll inn tilsett med fødselsnummer, og få tilgang til skattekortet
  • Fyll inn opplysningane i skjemaet
  • Kontroller opplysningane og send inn skjemaet
  • Skriv ut eller send lønnsslipp til den tilsette

MERK: Den tilsette skal ha ei utskrift av lønnsslippen.

  • Merk av for «Meldinga skal erstatte ei tidlegare innsending»
  • Klikk på «Vel» ved den meldinga du vil erstatte
  • Stadfest at du har valt rett melding
  • Fyll inn ei komplett melding med rett informasjon og send inn

MERK: Erstattar du ei melding du har sendt inn, må den nye meldinga vere komplett. Den nye a-meldinga skriv over alle opplysningar som stod i meldinga du erstattar.

Har du oppgitt feil utbetalingsdato eller treng å slette alle opplysningane du har sendt inn, må du annullere den gamle meldinga.

  • Merk av for «Meldinga skal erstatte ei tidlegare innsending»
  • Klikk på «Vel» ved den meldinga du vil annullere
  • Stadfest at du har valt rett melding
  • Fyll inn den same feile utbetalingsdatoen og 0,- for beløp
  • Send inn. Meldinga blir då annullert.
  • Fyll deretter inn ei komplett melding med rette opplysningar og send inn

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Skatteopplysinga på telefon 800 80 000, tasteval 4-3-2 eller bruk Kontaktskjema.

Åpne kontaktskjema