Enkelttenester og rollar
Enkelttenester og rollar vil gje deg tilgang til ulike skjema og tenester i Altinn.
Ei verksemd som får taushetsbelagt post, må sikre at det er berre dei som har tenstleg behov for å sjå innhaldet, som har tilgangen.
Ingen i verksemda har automatisk tilgang til taushetsbelagt post. For å gi/få tilgang til slik informasjon, må personar med rolla «Hovudadministrator» delegere nødvendig tilgang. Dagleg leier og styrets leier har rolla «Hovudadministrator». Dei som har fått tilgangen skal igjen nytte valet "Del og gi tilgang" fra meldinga i Innboks og sende kvar enkelt melding til rette vedkommande i verksemda.
For å fjerne ein eller fleire rettar på ein person eller verksemd må du velje aktøren du ønskjer å fjerne og klikk på Fjern ein eller fleire rettar. Her kan du velje mellom å Fjern alle roller eller du kan velje å berre fjerne enkeltroller
Aktivitetsloggen finn du under Profil → Andre med rettar til skjema og tenester eller Andre med rettar til verksemda.
Merk at du må ha rollen Tilgangsstyring for å få tilgang til å sjå aktivitetsloggen.
Du kan sjå når og av kven ei rolle vart gitt via spørsmålsteiknet, til høgre for tildelt rolle. Gjelder det Skjema og tenester du har rett til er ikkje rollen Tilgangsstyring påkravd.
Har du rolla Tilgangsstyring eller Hovudadministrator, kan du hente ned ei fil med oversikt over alle roller og rettar.
Fila kan du hente ved å gå til menypunktet Profil og Andre med rettar til verksemda. Vel Last ned til fil.
Det er ei zipfil som inneheld 2 csv-filer, som kan opnast i Excel. Den eine med oversikt over alle rettar og den andre med alle roller. Det er også mogleg å inkludere delegeringar til undereiningar. På organisasjonsformane kommune og fylke, viser den og delegeringar på organisasjonsledd og deira undereiningar.
Under Skjema og tenester du har rett til får du oversyn over roller og rettar du har for den aktøren/profilen du representerer. Til høgre for kvar rolle finn du eit spørsmålteikn, trykk på denne og du vil sjå kva for tilganger rollen gir deg.
Ein Hovedadministrator kan delegere alle enkelttenester og rollar for ein verksamd, også enkelttenester og rollar man ikkje har sjølve.
Hovedadministrator-rolla kan kun delegerast av dagleg leiar, styrets leiar, bestyrende reder, innehaver, deltakar med delt ansvar eller deltakar med fullt ansvar. Har du fått delegert rolla Hovedadministrator kan du ikkje gi den videre til nokon andre.