Enkeltpersonføretak

Skal du starte for deg sjølv? Enkeltpersonføretak er ofte den enklaste måten å etablere ei bedrift på. Denne organisasjonsforma har nokre fordelar, og nokre ulemper. Det gjev deg stor grad av fridom, men kan også gje betydeleg risiko fordi du har personleg ansvar for økonomien.


Kva kjenneteiknar eit enkeltpersonføretak:

  • Uavgrensa personleg ansvar. Vert drive for eiga rekning og eigen risiko
  • Vert eigd av ein fysisk person
  • Kan ha tilsette. Men innehavaren kan ikkje vere tilsett i eige enkeltpersonføretak.
  • Innehavaren har meir avgrensa rettar enn arbeidstakarane.
  • Er ikkje ein eigen juridisk person.
  • Er lite investorvenleg.

Næringsverksemd

Eit vilkår for å registrere eit enkeltpersonføretak er at du driv næringsverksemd . For at ein aktivitet skal godtakast som næringsverksemd må han drivast for eiga rekning og eigen risiko, ha eit visst omfang og ei viss varigheit. Han skal over tid vere eigna til å gje overskot. Dersom aktiviteten din oppfyller desse vilkåra vil sannsynlegvis Skatteetaten vurdere det til at du driv  næringsverksemd.

Her er nokre moment som er viktig for deg å ta stilling til når du vurderer å etablera enkeltpersonføretak:

Økonomisk risiko

All næringsverksemd medfører økonomisk risiko, men når du vurdera å registrera eit enkeltpersonføretak er det særleg viktig å ta stilling til den økonomiske risikoen i prosjektet ditt. Grunnen til dette er at eigar har uavgrensa personleg ansvar. Dette inneber at du er personleg ansvarleg for alle krav som har oppstått i næringsverksemda. Sentralt i vurderinga av økonomisk risiko står kapitalbehov og omfang på verksemda. For å svara på dette må du ta stilling til kva kostnader oppstarten medfører, og kva investeringsbehov du har.

Det kan også vera fornuftig å stilla seg spørsmål om omfanget, til dømes skal du driva for deg sjølv og skaffa deg sjølv ei inntekt? (lågare risiko)
Eller planlegg du for fleire tilsette og vekst? (høgare risko).
Jo større kapitalbehov og omfang, jo meir økonomisk risiko vil du normalt ta. Denne risikoen må sjåast i lys av og vurderast opp mot det faktumet at du er personleg ansvarleg og kva følgjer dette kan få for privatøkonomien din.

Tilsette

Som eigar av eit enkeltpersonføretak er du ikkje tilsett og får ikkje lønn for jobben du gjer. Du disponerer overskotet og kan i prinsippet ta ut kor mykje/lite du vil til privat forbruk (privatuttak), men må setje av pengar til skatt og avgifter.

Ektefellen din kan arbeide i verksemda og få ein del av overskotet, men kan ikkje tilsetjast. Tilset du nokon andre blir du arbeidsgivar, og må betale lønn og arbeidsgivaravgift.

Sosiale rettar

Sjukepengar

Som eier av eit enkeltpersonføretak vil du ha meir avgrensa rettar enn om du er arbeidstakar.

Sjølvstendige næringsdrivande har rett til sjukepengar frå 17. sjukedag, og då med 80 prosent dekning. Dette i motsetning til arbeidstakarar som har 100 prosent dekning frå dag ein. Du kan teikne ulike forsikringar for å betre sjukepengerettane dine. 

Dagpengar

Du eier opparbeider ikkje rett til dagpengar av det du tener i enkeltpersonføretaket ditt. Du har heller ikkje rett til dagpengar ved permittering.

Pensjon

Som eigar av enkeltpersonføretak tener du opp pensjon av næringsinntekta di. Ver merksam på at ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Å spare til pensjon vil derfor vere viktig. Du kan også inngå private pensjonsavtalar.

Skatt

Du må rekne ut kor mykje føretaket ditt forventar å gå med overskot. Du melder forventa overskot som ei endring i skattekortet ditt. Skatteetaten vil så rekne ut kor mykje skatt du må betale. Enkeltpersonføretak betalar forskotsskatt fire gonger årleg. Generelt sett vil skatteprosenten liggje ein stad mellom 33 - 50,6 prosent. Enkeltpersonføretak må levere skattemelding for næringsdrivande. 

Skatt for enkeltpersonføretak

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva) er ei avgift på varer og tenester. Enkelte varer og tenester er unntatte frå mva, eller har reduserte satsar. Eit enkeltpersonføretak som har meirverdiavgiftspliktig omsetning på meir enn 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Skatteetaten – registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Rekneskap

Med næringsverksemd følgjer normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og setje desse i eit system. Dersom du ikkje har særleg kunnskap om rekneskapsføring bør du vurdere å setje bort denne jobben til ein rekneskapsførar.

Løyve

Innanfor enkelte bransjar må ein ha løyve for å drive eiga næringsverksemd. Eksempel på dette er serveringsverksemd og reinhaldstenester.

Planlegging

Å starte eiga bedrift er ei stor og viktig avgjerd. Det kan også vere dyrt og tidkrevjande å få realisert idéen din. For å vite kva som vert kravd av deg er det viktig å bruke god tid på planlegging før du registrerer føretaket ditt.

Registrering og organisasjonsnummer

Registrering av eit enkeltpersonføretak skjer via Samordnet registermelding i Altinn.

Du får tildelt eit organisasjonsnummer når registreringa er behandla.

Brønnøysundregistera - slik registrerer du eit enkeltpersonføretak

Vurderer du å starte enkeltpersonføretak?

I oppstartsrettleiaren finn du svar på kva du bør tenke på og korleis du bør gå fram.

 

Åpne kontaktskjema