Vel organisasjonsform

Kva for organisasjonsform som er riktig for deg må avgjerast etter ei konkret vurdering, alle har sine fordelar og ulemper.


Kva for organisasjonsform du bør velje er avhengig blant anna av om du ønskjer å vere tilsett i eiga verksemd, kor stor risiko du tek, kor stort omfang det er, eller kor mange eigarar det skal vere. Du kan endre organisasjonsformen i ettertid, men du kan som regel ikkje behalde same organisasjonsnummer.

Dersom du skal drive næringsverksemd vil valet ofte stå mellom enkeltpersonføretak, aksjeselskap, ansvarleg selskap eller samvirkeføretak.

Viktige forskjellar:

Tekst Enkeltpersonføretak Aksjeselskap (AS) Ansvarleg selskap (ANS/DA) Samvirkeføretak (SA)
Talet på eigarar 1 1 eller fleire 2 eller fleire 2 eller fleire
Kapitalkrav Ingen lovkrav Minst 30 000 Ingen lovkrav Ingen lovkrav
Ansvar Uavgrensa ansvar (Innehavaren er ansvarleg for all gjeld) Avgrensa ansvar (Ansvaret avgrensa til den innskotne aksjekapitalen) Uavgrensa ansvar (ANS: Solidarisk ansvarleg for all gjeld. DA: Ansvarleg for avtalt del av all gjeld.) Avgrensa ansvar (Avgrensa til eventuelt partsinnskot)
Formelle krav Få formelle krav Fleire formelle krav Fleire formelle krav Fleire formelle krav
Sosiale rettar Krav på sjukepengar frå sjukedag 17 (80 % av sjukepengegrunnlaget) Ikkje dagpengar ved arbeidsløyse Krav på sjukepengar frå første sjukedag (100 % av sjukepengegrunnlaget) Dagpengar ved arbeidsløyse Krav på sjukepengar frå sjukedag 17 (80 % av sjukepengegrunnlaget) Ikkje dagpengar ved arbeidsløyse Krav på sjukepengar frå første sjukedag (100 % av sjukepengegrunnlaget) Dagpengar ved arbeidsløyse

Enkeltpersonføretak

Aksjeselskap (AS)

Ansvarleg selskap (ANS/DA)

Samvirkeføretak (SA)

Ideelle organisasjonsformer

Dersom formålet med verksemda er av humanitær, ideell, sosial eller liknande art, vil det normalt vere ei foreining eller stifting du skal registrere.

Ei foreining er ein eigen juridisk person og er medlemsstyrt. Det kostar ikkje noko å registrere ei foreining, med unntak for foreiningar som er næringsdrivande og skal vere registrert i Føretaksregisteret. Det finst ikkje ei lov som regulerer foreiningsforma, det er derfor viktig å lage gode vedtekter. Ei foreining må ha minimum to stiftarar, medlemane kan ikkje ha ein eigardel i foreininga og ein kan ikkje fordele noka form for overskot på medlemane.

Ei stifting er ein egen juridisk person som vert oppretta for å forvalte ein formuesverdi, også kalla grunnkapital, på minimum 100 000 kroner. Næringsdrivande stiftingar skal ha ein grunnkapital på minimum 200 000 kroner. Det er styret til stiftinga som forvaltar formuesverdien i stiftinga.
Brønnøysundregistera og Lotteri- og stiftelsestilsynet har på nettsidene sine informasjon om registrering, drift og avvikling av foreiningar og stiftingar.

Brønnøysundregistera om foreining

Brønnøysundregistera om stiftelsar

Lotteri- og stiftelsestilsynet om stifting

E-guide for val av organisasjonsform

Er du usikker på kva organisasjonsform du skal velja?

Ved å svara på tre spørsmål i vår e-guide finn du svar på kva organisasjonsformer som kan vera aktuelle for deg.

Start Guide
Åpne kontaktskjema