Ansvarleg selskap (ANS/DA)

Er de minst to personar som skal starte opp eiga verksemd? Samarbeider du godt med den/dei du skal starte opp med? Krev verksemda få investeringar, og tek du liten økonomisk risiko? Då kan du vurdere å etablere eit ansvarleg selskap.


Kjenneteikn ansvarleg selskap:

  • Uavgrensa personleg ansvar. Vert drive for eigaren si eiga rekning og eigen risiko.
  • Eigd av minimum to personar. (Fysiske og/eller juridiske personar)
  • Ingen krav til innskoten kapital.
  • Deltakarane kan ikkje vere tilsette i selskapet. (Men det er mogleg å ha tilsette).
  • Deltakarane har dårlegare sosiale rettar enn arbeidstakarane.
  • Ikkje eigna for investorar

Hva er ansvarleg selskap?

Eit ansvarleg selskap er eit selskap der to eller fleire eigarar,  også kalla deltakarar, samla eller kvar for seg har eit uavgrensa personleg ansvar for verksemda. Kreditorane til selskapet held seg i første omgang til selskapet, men kan ikkje selskapet gjere opp, så er det deltakarane sitt ansvar å gjere opp krava.

Ansvarlege selskap vert regulerte av selskapslova. Det er to hovudformer for ansvarleg selskap:

  • I eit ansvarleg selskap med solidarisk ansvar(ANS) har alle deltakarane eit uavgrensa og personleg ansvar for all gjeld. Solidaransvar betyr at ein kreditor kan krevje ein av deltakarane for heile gjelda, og så er det opp til deltakarane å gjere opp seg i mellom.
  • I eit ansvarleg selskap med delt ansvar (DA) har deltakarane samla eit uavgrensa og personleg ansvar for heile selskapsgjelda, men kvar deltakar kan berre belastast opptil sin ansvarsdel. Kor stor ansvarsdel kvar deltakar har, må gå fram av selskapsavtalen.

Deltakarane sitt personlege ansvar for opparbeidd gjeld gjeld også etter at ein deltakar har gått ut av selskapet, dersom ikkje kreditoren har friteke deltakaren for ansvar. Deltakarar som trer inn i eit ansvarleg selskap vil også vere ansvarlege for forpliktingar inngåtte før deltakaren gjekk inn i selskapet.

Brønnøysundregistera om ansvarleg selskap (ANS/DA)

Selskapslova om ansvarleg selskap

Selskapsavtale

Selskapsavtalen er ein skriftleg avtale som deltakarane i selskapet skal skrive under på. Selskapslova stiller minimumskrav til kva selskapsavtalen skal innehalde, men det er også høve til å regulere forhold ut over minimumskrava. Nye deltakarar i eit ansvarleg selskap skal tiltre selskapsavtalen skriftleg.

Det er mogleg å endre ansvarsfordelinga frå ANS til DA eller omvendt utan at dette vil medføre nytt organisasjonsnummer. Ei slik endring gjer ein i selskapsavtalen og melder det til Brønnøysundregistera.

Selskapsavtale og forpliktingar

Krav til kapitalinnskudd

Det er ikkje krav til innskot i samband med oppstart av eit ansvarleg selskap. Dersom eit innskot skal betalast inn må dette kome fram av selskapsavtalen. Dersom innskotet er gjort opp med anna enn pengar, skal selskapsavtalen også innehalde opplysningar om verdien av dei innskotne eigedelane.

Her er nokre moment som er viktig for deg å ta stilling til når du vurderer å etablera ansvarleg selskap:

Økonomisk risiko

All næringsverksemd medfører økonomisk risiko, men når du vurdera å registrera eit ansvarleg selskap er det særleg viktig å ta stilling til den økonomiske risikoen i prosjektet ditt. Grunnen til dette er at eigarane har uavgrensa personleg ansvar. I valet mellom eit ANS og DA, sjå ovanfor, vil eit DA avgrensa ditt personlege ansvar noko sidan ditt ansvar er avgrensa til eigardelen.

Sentralt i vurderinga av økonomisk risiko står kapitalbehov og omfang på verksemda. For å svara på dette må du ta stilling til kva kostnader oppstarten medfører, noko som investeringsbehov det er. Det kan også vera fornuftig å stilla seg spørsmål om omfanget. Skal du driva for deg sjølv og skaffa deg sjølv ei inntekt? (lågare risiko).

Eller planlegg du for fleire tilsette og vekst? (høgare risiko). Jo større kapitalbehov og omfang, jo meir økonomisk risiko vil du normalt ta. Denne risikoen må sjåast i lys av og vurderast opp mot det faktumet at du er personleg ansvarleg og kva følgjer dette kan få for privatøkonomien din.

Tilsett

Som deltakar i eit ansvarleg selskap er du ikkje tilsett, og får ikkje lønn. Det skal heller ikkje betalast arbeidsgivaravgift av uttak til deltakarane.
Dersom selskapet tilset nokon som ikkje er deltakar i selskapet får selskapet arbeidsgivaransvar, og må følgjeleg betale lønn og arbeidsgivaravgift for den tilsette.

Sosiale rettar

Sjukepengar

Som deltakar i eit ansvarleg selskap vert du rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Med det har du normalt meir avgrensa rettar enn om du var arbeidstakar.

Sjølvstendige næringsdrivande har rett til sjukepengar frå 17. sjukedag, og då med 80 prosent dekning av sjukepengegrunnlaget. Dette i motsetning til arbeidstakarar som har 100 prosent dekning frå første dag. Du kan teikne ulike forsikringar for å betre sjukepengerettane dine.

Dagpengar

Som deltakar i eit ansvarleg selskap har du ikkje rett til dagpengar.

Pensjon

Som deltakar i eit ansvarleg selskap tener du opp pensjon av næringsinntekta di. Ver merksam på at ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Å spare til pensjon vil derfor vere viktig. Du kan også inngå private pensjonsavtalar.

Skatt

Deltakarane kan velje om dei vil ta ut overføringar frå selskapet som utdeling av overskot eller som arbeidsgodtgjersle. Arbeidsgodtgjersla blir forskotsvis skattlagd fire gonger i året. Du må senda inn skattekort der du oppgir forventa godtgjersle.

For dei fleste skal det reknast 33 - 50,6 prosent skatt av arbeidsgodtgjersle (lønn til deltakarane), 22 prosent skatt av overskotet til selskapet og 22 prosent skatt av utdelingsgrunnlaget.

Skatt for ansvarleg selskap

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva) er ei avgift på varer og tenester. Enkelte varer og tenester er unntatte frå mva, eller har reduserte satsar. Eit ansvarleg selskap som har hatt meirverdiavgiftspliktig omsetning på meir enn 50 000 norske kroner i løpet av ein periode på 12 månader må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret.

Skatteetaten – registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Rekneskap

Med næringsverksemd følgjer normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og setje desse i eit system. Ansvarleg selskap vil i tillegg ha rekneskapsplikt dersom selskapet oppfyller nærmare krav. Rekneskapsplikta inneber at selskapet skal levere årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Dersom du ikkje har særleg kunnskap om rekneskapsføring bør du vurdere å setje bort denne jobben til ein rekneskapsfører.

I enkelte tilfelle vil eit ansvarleg selskap vere pliktig til å ha revisor.

Roller i ansvarleg selskap

Selskapsmøtet er øvste myndigheit i ansvarlege selskap. Deltakarane i selskapet er medlemar i selskapsmøtet og har møte- og stemmerett.
Ansvarlege selskap er ikkje pliktige til å ha styre eller dagleg leiar i selskapet, men selskapsmøtet kan likevel vedta dette.

Brønnøysundregistera om roller i ansvarleg selskap

Løyve

Innanfor enkelte bransjar må ein ha løyve for å drive næringsverksemd. Eksempel på dette er serveringsverksemd og reinhaldstenester.

Planlegging

Å starte eiga bedrift er ei stor og viktig avgjerd. Det kan også vere dyrt og tidkrevjande å få ideen din gjennomført. For å vite kva som vert kravd av deg er det viktig å bruke god tid på planlegging før du registrerer selskapet ditt.

Registrering og organisasjonsnummer

Registrering av ANS og DA skjer via Samordna registermelding i Altinn. 

Etter at registreringa er godkjend får du tildelt eit organisasjonsnummer.

 

Åpne kontaktskjema