Patent

Eit patent vernar ei konkret løysing på eit teknisk problem. Patentet gjev ein tidsavgrensa einerett til å nekte konkurrentar å utnytte den same løysinga så lenge patentet er gyldig.


Kva er patentvern?

Eit patent er ein dokumentert einerett til ei oppfinning. Denne eineretten varar i maksimalt 20 år. I denne perioden har du einerett til å produsere, importere og selje oppfinninga/produktet som du har patentert. Oppfinninga må kunne forklarast som ei konkret løysing på eit teknisk problem. Ho må vere heilt ny og kan ikkje ha vore omtala offentleg før du leverer ein søknad om patent (for eksempel kan ho ikkje ha blitt vist fram på messer eller omtala i fagblad). I tillegg må ho skilje seg vesentleg frå tidlegare kjent teknikk på fagområdet.

Patentstyret om patent

Før du søkjer

Det kan vere lurt å undersøkje om andre allereie har ein rett til same eller liknande oppfinning. Det kan du for eksempel gjere sjølv ved å bruke Patentstyrets søketeneste.

Patentstyret – Søketeneste for patent, design og varemerker i Noreg

Du kan også be Patentstyret utføre ei forundersøking for å få ei vurdering av om oppfinninga er patenterbar.

Patentstyret om forundersøking

Kva kan du ta patent på? 

  • Framgangsmåtar
  • Tekniske produkt
  • Apparat
  • Bruksmåtar 

Kor lenge er patentet gyldig?

Eit patent kan vanlegvis haldast ved lag i inntil 20 år, rekna frå den dagen du leverer søknaden. Patentet må fornyast kvart år ved å betale ei årsavgift.

Korleis søkje om patent?

For å søkje om patent kan du bruke søknadsvegvisaren på nettsidene til Patentstyret. Søknadsvegvisaren gjev deg ein enklare søknadsprosess. Du kan skrive og levere søknaden din, betale og få kvittering i éin operasjon.

Alternativt kan du levere søknaden til Patentstyret via Altinn

Du må betale eit gebyr for å få søknaden behandla, sjå prisoversikta hos Patentstyret.

Patentstyret – Prisoversikt patent

Søknadsprosessen kan vere ganske kompleks. Har du ikkje erfaring med dette, bør du vurdere å få profesjonell hjelp hos for eksemspel eit patentbyrå.

Finn ein rådgivar på IPR-hjelp.no

Lov om patenter

Patentforskrifta

Internasjonal patentregistrering

Eit patent gjeld berre i det landet der patentet er registrert. Det finst likevel ordningar for å søkje patent i fleire land samstundes.

Patentstyret – Søk om patent i fleire land

Klage på andres patent

Det er mogleg å klage på andres patent eller patentsøknader. Meir informasjon om dette får du hos Patentstyret.

Klageordningar hos Patentstyret

Pantsetjing av patent

Det er mogleg å pantsetje patent, patentsøknader og patentlisensar i Noreg.

IPR-forsikring (rettstvistforsikring)

Ei slik forsikring kan redusere kostnadsrisikoen betrakteleg dersom du må ut med store beløp til advokatutgifter, rettssak eller erstatning for å forsvare og handheve dei immaterielle rettane dine. Denne forsikringa teiknar du hos eit forsikringsselskap.

Patentstyret om rettstvistforsikring for immaterielle rettar

Arbeidstakaroppfinningar

Ein arbeidstakarar har i utgangspunktet same rett til oppfinninga si som andre oppfinnarar har. På visse vilkår gjev likevel lova om arbeidstakaroppfinningar arbeidsgivaren rett til å overta oppfinninga. Dette gjeld berre for patenterbare oppfinningar. Det betyr ikkje at du må søkje om patent, men vilkåra for å oppnå patent må vere til stades.

Arbeidsgivaren sin rett til å overta oppfinninga vert bestemd ut frå arbeidstakaren sine oppgåver i bedrifta og kva for avtale arbeidstakaren har inngått med arbeidsgivaren. Dersom arbeidsgivaren skal overta oppfinninga, kan arbeidstakaren ha krav på godtgjersle.

Patentstyret – Arbeidstakaroppfinningar

Lov om arbeidstakaroppfinningar

Hald deg oppdatert gjennom Patentstyrets kurs

Patentstyret tilbyr ulike kurs om korleis du kan verne verdiane dine gjennom patent og varemerke- og designrettar. Dei fleste av kursa er gratis, og mange vert strøymde slik at du kan følgje dei der det passar deg.

Patentstyrets kurstilbud

Åpne kontaktskjema