Miljømerking

Eit offisielt miljømerke kan vere ein av dei enklaste og mest truverdige måtane for å kommunisere at vara eller tenesta held ein høg miljøstandard.


Ulike merkeordninger

Det finst bransjespesifikke merkeordningar, leverandørars merkeordning eller tredjeparts sertifiserte merkeordningar. Dei ulike miljømerka har forskjellige kriterium som må vere oppfylte for å få lov til å bruke deiras merke. I tillegg vil det vere forskjell på kor lenge eit slikt miljømerke er gyldig.

Nedenfor ser du nokra eksempel på ulike merkeordninger:

Svanemerke og EU-Blomsten

Svanemerket et det offisielle nordiske miljømerket. Miljømerket stiller krav til hele livssyklusen til produktet. Det er forskjellige miljøkrav innen ulike produktgrupper. For eksempel vil det være ulike krav til å få Svanemerke på hudpleieprodukter og papirprodukter.

Ordninga vert drifta av Stiftelsen Miljømerking. Dersom du vurderer svanemerking av produktet ditt, kan det vere lurt å ta kontakt med stiftelsen på eit tidleg stadium. All kontakt vert behandla konfidensielt, slik at du ikkje risikerer negativ omtale dersom det viser seg at produktet ikkje klarar krava.

Om miljømerking

 

Dersom du skal ut på den europeiske marknaden med produkta og tenestene dine, er EUs offisielle miljømerke Blomen noko du kan vurdere.

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn vert bruka av verksemder som vil dokumentere innsatsen sin for miljøet, og vise samfunnsansvar. For å få sertifisering som Miljøfyrtårn må du dokumentere eit systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen, og i tillegg oppfylle ein del kriterium for miljøvennleg drift og godt arbeidsmiljø. Det er ulike kriterium for dei ulike bransjane. Verksemda må sertifiserast på nytt kvart tredje år. Ordninga vert drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn.

Miljøfyrtårn (miljøsertifisering)

Andre merkeordningar:

Debio

EU om Organic farming (på engelsk)

Business in Norway om Made in Norway

Åpne kontaktskjema