Starte og registrere ein stiftelse

Når du skal opprette ein stiftelse må du velje namn, skaffe grunnkapital og utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter.


Føresetnader for å opprette ein stiftelse:

  • Ein stiftelse kan opprettast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske eininger (eksempelvis eit aksjeselskap eller ei foreining) kan være opprettar. For å vere opprettar eller ha ei anna rolle i ein stiftelse må du ha fylt 18 år.
  • Stiftelsar må ha ein bunden grunnkapital på minst 100 000 kroner for alminnelege stiftelsar, og 200 000 kroner for næringsdrivande stiftelsar.

    Lotteri- og stiftelsestilsynet om grunnkapital

  • Stiftelsar må ha eit styre med minst ein ekstern medlem. Den som har gitt grunnkapital til stiftelsen og blant andre nærståande vert ikkje rekna som eksterne medlemar. Styret skal ha ein leiar.
  • Næringsdrivande stiftelsar må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som er oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

Dersom du statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du undersøkje reglane for opphaldsløyve.

Lotteri- og stiftelsestilsynet om stifting

Brønnøysundregistera om stiftelsar

Stiftelseslova om oppretting av stiftelsar

Stiftelseslova om styre i stiftelsar

Opprette og registrere stiftelse

Slik opprettar og registrerer du ein stiftelse når dei som skal ha roller i stiftelsen har norsk fødselsnummer eller d-nummer

  1. Opprett stiftelsen ved å utarbeide, datere og signere stiftelsesdokument og vedtekter.

    Lotteri- og stiftelsestilsynet – maler for bruk ved oppretting av stiftelse

  2. Før stiftelsen kan registrerast må det liggje føre ei erklæring frå revisoren om at heile grunnkapitalen er stilt til rådvelde for stiftelsen. Ein opningsbalanse stadfesta av revisoren må vere utarbeidd Dersom grunnkapitalen består av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må revisoren stadfeste verdien av eigedelane.
  3. Registrer stiftelsen ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding". Nytt rettleiinga for oversikt over nødvendige vedlegg.
  4. Send meldinga til signering og signer meldinga. Heile styret må signere meldinga elektronisk, og revisor må signere på stadfestinga som viser at grunnkapitalen er innbetalt. Revisor må også signere meldinga elektronisk.

Når stiftelsen er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboks" i Altinn.

Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i stiftelsen norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Opprett stiftelsen ved å utarbeide, datere og signere stiftelsesdokument og vedtekter.

    Lotteri- og stiftelsestilsynet - opprette ei stifting

    Før stiftelsen kan registrerast må det liggje føre ei erklæring frå revisoren om at heile grunnkapitalen er stilt til rådvelde for stiftelsen. Ein opningsbalanse stadfesta av revisoren må vere utarbeidd før registrering. Dersom grunnkapitalen består av andre eigedelar enn pengar (tingsinnskot) må revisoren stadfeste verdien av eigedelane.
  2. Registrer stiftelsen ved å fylle ut papirskjema for registrering av stiftelse (Samordna registermelding – hovudblankett) og søknad om tildeling av d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i stiftelsen). Nytt rettleiinga for oversikt over nødvendige vedlegg.

    Samordna registermelding – hovudblankett (for nedlasting)

    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer

  3. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet Samordna registermelding.

Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.

Stiftelse oppretta ved testament

For stiftelsar oppretta ved testament gjeld eigne reglar.

Lotteri- og stiftelsestilsynet – om stiftelsar oppretta ved testament

Namn på stiftelsar

Næringsdrivande stiftelsar må innehalde ordet "stiftelse", "stifting" eller orda "sjølveigande institusjon". For alminnelege stiftelsar (stiftelsar som ikkje er næringsdrivande) er det ikkje eit slikt krav.

Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Frist for registrering

Stiftelsen må meldast til registrering seinast 3 månader etter han vart oppretta.

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Stiftelsestilsynet varierer gjennom året.

Kva kostar det?

Registrering av alminneleg stiftelse kostar frå 1 230 til 5 750 kroner avhengig av storleiken på eigenkapitalen. Registrering av næringsdrivande stiftelse kostar 2 656 kroner ved elektronisk registrering, og 3 205 kroner ved registrering på papirskjema.

Ved registrering får stiftelsen eit organisasjonsnummer.

Årleg avgift

Alle stiftelsar med ein eigenkapital på 100 000 kroner eller meir, må betale ei årleg avgift til Stiftelsestilsynet. Den årlege avgifta vil vere avhengig av storleiken på eigenkapitalen (minimum 750 kroner og maksimalt 21 710 kroner).

Åpne kontaktskjema