Starte og registrere ei foreining

Når du skal starte ei foreining må du velje namn, utarbeide vedtekter og stifte foreininga. Deretter kan foreininga registrerast.


Føresetnader for å starte ei foreining:

  • Ei foreining må ha minst to stiftarar.
  • Både fysiske personar og einingar (eksempelvis aksjeselskap eller andre foreiningar) kan vere stiftarar. 

Stifte og registrere foreining

For å registrere ei foreining må du fylle ut skjemaet Samordna registermelding. Skjemaet leverer ein enklast elektronisk via Altinn. Det er også mogleg å nytte papirblanketten "Forenkla blankett for foreiningar".

Ei foreining vert normalt stifta ved at det vert oppretta eit stiftelsesdokument. Dersom foreininga ønskjer eit organisasjonsnummer må foreininga registrerast i Einingsregisteret.

Brønnøysundregistera om stiftelse og registrering av foreining

Brønnøysundregistera – stiftelsesdokument for foreining

Brønnøysundregistera – vedtekter for foreining

Brønnøysundregistera – forenkla skjema for foreiningar

Brønnøysundregistera – Rettleiing til samordna registermelding – forenkla skjema for foreiningar

Når foreininga er registrert elektronisk får innsendaren svar på registreringssøknaden i sin "Innboks" i Altinn.

Namn på foreiningar

Det er ingen spesifikke namnekrav for foreiningar. På tenesta namnesøk kan de sjekke om namnet de vurderer er ledig.

Namnesøk

Frivilligregisteret, grasrotdel og momskompensasjon

Dersom foreininga driv frivillig aktivitet kan de velje å registrere ho i Frivilligregisteret. Å være registrert i Frivilligregisteret kan gi rett til å ta del i tilskotsordningar for frivillig verksemd, blant anna i grasrotdelen. Verksemder registrert i Frivilligregisteret kan også søkje om momskompensasjon, dersom krav i forskrift om mva-kompensasjon for frivillige organisasjonar er oppfylt.

Grasrotdelen er ei ordning som inneber at alle som spelar på enkelte av Norsk Tipping sine spel kan velje at ein del av speleinnsatsen deira skal gå til ein bestemd frivillig organisasjon. Det er ein føresetnad at organisasjonen berre driv med frivillig verksemd på lokalt eller regionalt nivå.

Momskompensasjonsordninga er ei tilskotsordning der frivillige organisasjonar, kan søkje om å få kompensert meirverdiavgift som dei har betalt ved kjøp av varer og tenester. Lotteri- og stiftelsestilsynet har ansvaret for ordninga.

Registreringa i Frivilligregisteret kan gjerast når ein registrerer foreininga, eller i ettertid.

Papirskjema for nedlasting – tillegg for registrering av foreining i Frivillighetsregisteret

Brønnøysundregistera – rettleiing til skjema for registrering i Frivillighetsregisteret

Lotteri- og stiftelsestilsynet om momskompensasjon

Om grasrotandelen

Skatteetaten om meirverdiavgift for velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Skatteetaten om skatt for frivillige og ideelle organisasjonar

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Kva kostar det?

Registrering i Einingsregisteret og Frivilligregisteret er gratis. Ved registrering i Einingsregisteret får foreininga eit organisasjonsnummer.

Skal foreininga drive næringsverksemd må ho registrerast i Føretaksregisteret. Registrering i Føretaksregisteret kostar 2 656 kroner ved elektronisk registering, og 3 205 ved registrering på papirskjema.

Åpne kontaktskjema