Starte og registrere ansvarleg selskap (ANS/DA)

Når de skal starte eit ansvarleg selskap må de velje føretaksnamn og utarbeide ein selskapsavtale. Deretter skal selskapet registrerast.


Føresetnader for å starte eit ansvarleg selskap (ANS/DA):

  • Eit ansvarleg selskap må ha minst to deltakarar. Både fysiske og juridiske personar (eksempelvis eit aksjeselskap eller ei foreining) kan vere deltakarar.
  • Personar som skal vere deltakarar eller ha ei anna rolle i eit ansvarleg selskap må ha fylt 18 år.
  • Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

Selskapslova om ansvarleg selskap

Stifte og registrere ansvarleg selskap (ANS/DA)

Slik stiftar og registrerer de eit ansvarleg selskap når alle som skal ha roller i selskapet har norsk fødselsnummer eller d-nummer

  1. Stift selskapet ved å utarbeide, datere og signere ein selskapsavtale.

    Eksempel på selskapsavtale for selskap med delt ansvar - ANS

    Eksempel på selskapsavtale for selskap med delt ansvar – DA

  2. Dersom deltakarane skal gjere innskot i selskapet skal det opplysast om dette i selskapsavtalen.
  3. Registrer selskapet ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding". Legg ved selskapsavtalen. (Dersom selskapet skal ha styre og/eller revisor må du leggje ved protokoll frå selskapsmøtet som viser vala).
  4. Send meldinga til signering. Alle som skal ha ei rolle i selskapet må signere meldinga elektronisk.(Gjeld ikkje dagleg leiar og kontaktperson)

 

Registrering av ansvarleg selskap kostar 2 656 ved elektronisk registrering.

Når registreringar er ferdig behandla får selskapet eit organisasjonsnummer. Innsendaren får beskjed om dette i "Innboksen" i Altinn.

Manglar nokon av dykk norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Stift selskapet ved å utarbeide, datere og signere ein selskapsavtale.

    Eksempel på selskapsavtale for ansvarlig selskap med solidarisk ansvar  ANS  

    Eksempel på selskapsavtale for selskap med delt ansvar - DA 

    Dersom deltakarane skal gjere innskot i selskapet skal dette opplysast i selskapsavtalen.
  2. Registrer selskapet ved å fylle ut papirskjema for registrering av ansvarleg selskap (Samordna registermelding – hovudblankett) og søknad om d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket). Legg ved selskapsavtalen og stadfesta kopi av gyldig legitimasjon. (Om selskapet skal ha styre og/eller revisor må du leggje ved protokoll frå selskapsmøtet som viser vala, og original stadfesting frå revisor (viljeserklæring). Deltakarane, eventuelt styre dersom selskapet har det, må signere Samordna registermelding. Underskriftene må vere i original.

    Samordna registermelding hovudblankett


    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer

  3. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet "Samordna registermelding – hovudblankett".

Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.

Registrering av ansvarleg selskap kostar 3 205 (eingongsgebyr frå Føretakregisteret)

Ved registrering får selskapet eit organisasjonsnummer.

 

Brønnøysundregistera om registrering av ansvarleg selskap (ANS/DA)

Selskapslova om selskapsavtalen

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI – søk om opphaldsløyve

Namn på ansvarleg selskap (ANS/DA)

Ansvarlege selskap med solidarisk ansvar (ANS) må ha nemninga "ansvarleg selskap" eller forkortinga "ANS" framfor eller bak føretaksnamnet. Ansvarlege selskap med delt ansvar (DA) må ha føretaksnemninga "delt ansvar" eller forkortinga "DA" framfor eller bak føretaksnamnet.

Les om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Kompanjongavtale

Kombinasjonen personleg ansvar og at deltakarane tek avgjerder i fellesskap, kan føre til usemje mellom deltakarane. Det kan derfor vere fornuftig at deltakarane inngår ein kompanjongavtale. Dette er ikkje lovpålagt.

Drive ansvarleg selskap

Når du har registrert eit ansvarleg selskap bør du setje deg inn reglane for drift av ansvarleg selskap.

Endring ANS/DA

Endring frå ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS) til ansvarleg selskap med delt ansvar (DA) eller frå DA til ANS kan gjerast utan å skifte organisasjonsnummer.

Åpne kontaktskjema