Starte og registrere allmennaksjeselskap (ASA)

Når du skal starte eit allmennaksjeselskap må du velje namn, stifte selskapet og skaffe til vegar aksjekapital. Deretter skal selskapet registrerast. Her får du vite kva som krevst for å starte eit allmennaksjeselskap, og korleis du går fram når du skal registrere selskapet.


Føresetnadene for å starte eit allmennaksjeselskap:

  • Eit allmennaksjeselskap kan stiftast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske personar (eksempelvis aksjeselskap eller foreiningar) kan vere stiftarar.
  • For å vere stiftar eller ha ei anna rolle i eit allmennaksjeselskap må du ha fylt 18 år.
  • Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

Stifte og registrere allmennaksjeselskap

Slik stiftar og registrerer du allmennaksjeselskap når alle som skal ha roller i selskapet har norsk fødselsnummer eller d-nummer

  1. Stift allmennaksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter og signer desse.

    Krav til stiftelsesdokument for ASA

  2. Brønnøysundregistera om stiftelse av ASA

  3. Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 1 million norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar).
  4. Registrer allmennaksjeselskapet ved å nytte skjemaet "Samordna registermelding" i Altinn.
  5. Legg ved stiftelsesdokument, vedtekter og stadfestinga på innbetalt aksjekapital.

    Brønnøysundregistera om registrering av ASA

    Send meldinga til signering. Styremedlemar og revisor må signere – dette gjer dei elektronisk. 

Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboksen" i Altinn.

Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i selskapet norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Stift allmennaksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter og signer desse.

    Krav til stiftelsesdokument for ASA

  2. Brønnøysundregistera om stiftelse av ASA

  3. Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 1 million norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar.)
  4. Registrer allmennaksjeselskapet ved å fylle ut papirskjema for registrering av allmennaksjeselskap (Samordna registermelding – Hovudskjema) og søknad om tildeling av d-nummer (eitt skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket) og send desse inn samla per post. Legg ved orginal stadfesting på innbetalt aksjekapital og stadfesta kopi av gyldig legitimasjon for dei som skal ha d-nummer.

    Samordna registermelding – hovudblankett (for nedlasting)


    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer


    Brønnøysundregistera – vedleggsrettleiar ved registrering av ASA

  5. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet Samordna registermelding.


Når registreringa er ferdig behandla blir svaret sendt til innsender.

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI – søk om opphaldsløyve

Namn på allmennaksjeselskap

Allmennaksjeselskap må ha føretaksnemninga "allmennaksjeselskap" eller forkortinga "ASA" framfor eller bak føretaksnamnet. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Frist for registrering

Melding om registrering av selskapet må vere mottatt av Føretaksregisteret seinast tre månader etter at føretaket er stifta. Selskapet kan normalt ikkje på ta seg forpliktingar før det er registrert.

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Kva kostar det?

Registrering av eit allmennaksjeselskap kostar 5 784 kroner ved elektronisk registrering i Altinn, og 6 940 kroner ved registrering på papirskjema.

Ved registrering får selskapet eit organisasjonsnummer.

Endre frå aksjeselskap til allmennaksjeselskap

Eit aksjeselskap (AS) kan omdannast til allmennaksjeselskap (ASA) utan å endre organisasjonsnummer.

Åpne kontaktskjema