Kalkulasjon

Kalkulasjon handlar om å berekna pris og kostnader på produktet/tenesta for å sjå kor mykje du kan tena på det du tilbyr.


Faste og variable kostnader

I kalkulasjonsarbeidet skil ein ofte på variable og faste kostnader. Ein variabel kostnad er direkte knytt til, og varierer i takt med produksjonen. Materialkostnader i ei produksjonsbedrift er ein typisk variabel kostnad. Ein fast kostnad vil derimot ikkje variere i takt med produksjonen. Husleige er eit slikt eksempel.

Bidragsmetoden

Når du kalkulerer etter bidragsmetoden vil du sjå kor mykje du sit att med per produkt/eining til å dekkje dei faste kostnadene og eventuelt overskot. Du tek utgangspunkt i salsprisen og trekkjer frå alle variable kostnader tilknytte produktet eller tenesta. Det overskotet du då sit att med vert kalla for dekningsbidrag (DB). Reknar du ut dekningsbidraget i prosent av salsinntekta får du dekningsgraden (DG). Denne metoden er vanleg for dei som produserer varer og dei som sel tenester.

Dekningsgrad (DG) = Dekningsbidrag (DB) per eining * 100/salgspris per eining.

Dekningsgraden oppgir ein i prosent og fortel deg kor mange prosent av kvar omsett krone som blir igjen til å dekkje faste kostnader og overskot.

Når du startar med kalkylen må du talfeste kva for variable kostnader du har for å få produsert vara eller levert tenesta. Det er også greit å sjekke kva pris eventuelle konkurrerande verksemd tek for dette. Det vil gje ein peikepinn på kva pris du kan få.

Sel du fleire produkt eller tenester, bør du lage ein kalkyle for kvar eining. Når du veit kor mykje du har att for kvart produkt (dekningsbidraget) til å dekkje faste kostnader og overskot vil du enklare kunne rekne ut kor mange einingar du minst må selje for å dekkje inn dei faste kostnadene for heile verksemda.

Utfordringa er ofte å finne ut kva kostnader som skal knytast direkte opp mot kvart produkt. For enkelte bransjar er dette ein grei jobb, mens det for andre vil vere meir innvikla.

Eksempel på en bidragskalkyle

Eksempelbedrifta AS ønskjer å produsere eit nytt produkt – kjøkkenbordet "Uffe".

Kalkylen er basert på ein del føresetnader: forventa salspris, produksjonstid, lønnskostnader og materialforbruk i kroner.

Forutsetninger Enhet
Salgspris per stykk 4000,-
Produksjonstid timer 5
Lønnskostnad (inkludert sosiale kostnader) per time 300,-
Materialforbruk – trevirke, stifter, lim per stykk 800,-
Bidragskalkyle
Salgsinntekter 4000,-
- Produksjonslønn (5 x 300) 1500,-
- Materialforbruk 800,-
= Dekningsbidrag 1700,-
Dekningsgrad (1700/4000*100)= 42,5 %

Bidraget for å dekkje faste kostnader og overskot er på dette produktet kroner 1700 per selde eining. Dette gjev ein dekningsgrad på 42,50 prosent.

Dersom kalkylen er sett opp etter rette føresetnader ser det ut til at kjøkkenbordet vil vere lønnsamt å produsere. Dette føreset sjølvsagt at marknaden er villig til å betale den prisen du har sett på produktet og at du får selt ei viss mengde.

Åpne kontaktskjema