Hobby eller næringsverksemd
For at ein aktivitet skal bli godtatt som næringsverksemd må han bli driven for eiga rekning og eigen risiko, ha eit visst omfang og ei viss varigheit. Han skal over tid vere eigna til å gi overskot.
Kvifor skilja hobby og næring?
Nokre aktivitetar har meir preg av hobby enn av næringsverksemd. Grensa er ikkje definert i lovverket, men ein hobby er skattefri, medan ei næring er skattepliktig verksemd. Forskjellen er med andre ord heilt avgjerande for korleis du skal skattleggjast og om du kan få frådrag for utgiftene. Det er Skatteetaten som avgjer om ein aktivitet er hobby eller næring, men i første omgang må du vurdere sjølv om du skal rapportere aktiviteten din som skattepliktig verksemd.
Aktiviteten er rein hobby
Er omfanget av aktiviteten lite og kostnadene omtrent like store som inntektene, kan dette trekke i retning av at du driv ein hobby. Fortenesta på hobbyverksemd er ikkje skattepliktig inntekt.
Ein aktivitet som har preg av hobbyverksemd eller er reine eingongshendingar blir ikkje vurdert som næringsverksemd og kan ikkje bli registrert som enkeltpersonføretak hos Brønnøysundregistera.
Skatteetaten har utarbeidd ein rettleiar som kan hjelpe deg med å avklare grensa mellom hobby og næring.
Skatteetaten sin rettleiar - få hjelp til å finne ut om du er næringsdrivande
Hobbyen er blitt næringsverksemd
Ein hobbyaktivitet kan over tid bli næringsverksemd. Når det inntektsgivande arbeidet er kome i gang vil alle inntekter som omfattar verksemda vere skattepliktige og alle kostnader gir frådragsrett. Etter at du er godkjend som næringsdrivande, har du bokføringsplikt og du må levere skattemelding for næringsdrivande. Dersom du får skattemelding for lønnstakarar, må du legge til næringsspesifikasjonen (søk han opp i skattemeldinga sitt søkefelt).
Skatteetaten – oppstart av verksemd
Frå det året du blir vurdert å oppfylle vilkåra som næringsdrivande, kan du få godkjent inntil dei fem føregåande åra som oppstartsår for verksemda. For å få frådrag for tidlegare års oppstartskostnader, må skjemaet oppstart av verksemd (RF-1298) fyllast ut for kvart av dei aktuelle åra. Skjemaa vil danne grunnlag for at Skatteetaten kan vurdere når hobbyen blei næringsverksemd og blir levert saman med den første skattemeldinga etter oppstart av verksemda. Får du endra fastsettinga for oppstartsperioden vil du få frådrag for dei reelle oppstartskostnadane. Det er derfor viktig å ta vare på alle inntekts- og kostnadsvedlegg som er knytt til verksemda frå dag ein.
Skatteetaten om oppstartsperioden
Skatteetaten - skjema for dokumentasjon av utgifter og inntekter - vedleggsoversikt