Skatt for ansvarleg selskap

I eit ansvarleg selskap (ANS eller DA) er det deltakarane (eigarane) som er personleg ansvarlege for dei forpliktingane som selskapet tek på seg. Dette gjeld også for skatten. Selskapet er altså ikkje eit eige skattesubjekt. Skatt av overskot skal betalast av deg og dei andre deltakarane i selskapet.


Arbeidsgodtgjersle og utdeling

Når du sjølv arbeider i selskapet vert det ikkje utbetalt lønn for arbeidsinnsatsen din, men det kan betalast ut arbeidsgodtgjersle. Denne vert behandla som næringsinntekta di og det skal ikkje svarast arbeidsgjevaravgift av dette. Godtgjersla som vert utbetalt kjem til frådrag i overskotsutrekninga til selskapet. 

Det er også høve til å dele ut middel frå selskapet til eigarane. Utdeling er definert som "kvar vederlagsfrie overføring av verdiar frå selskap til deltakar". Utdeling vert ikkje rekna som ein kostnad for selskapet og vil dermed ikkje redusere overskotsutrekninga.

For deltakarar i eit ansvarleg selskap skal det reknast ut skatt av

  • arbeidsgodtgjersle
  • overskott til selskapet
  • utdeling frå selskapet

Skatteloven om hvilke selskap som skal lignes

Kor mykje skatt skal betalast

For dei fleste skal det reknast 33 - 50,6 prosent skatt av arbeidsgodtgjersle (lønn til deltakarane), 22 prosent skatt av overskotet til selskapet og 22 prosent skatt av utdelingsgrunnlaget.

Eksempel

De er to eigarar og selskapet er etablert i år. Du ønskjer å ta ut 50 000 kroner i arbeidsgodtgjersle. Overskotet til selskapet før utbetaling av arbeidsgodtgjersle er 90 000 kroner. Du vil også ta ut 30 000 kroner i utdeling. De deler skatten på overskotet likt mellom dykk. Den andre deltakaren tek ikkje ut godtgjersle eller utdeling. Det er ikkje betalt innskot i selskapet korkje ved etableringa eller i løpet av inntektsåret.

Eksempel
Overskudd før arbeidsgodtgjersle 90 000
- arbeidsgodtgjersle 50 000 Personinntektsskatt (skatt 33 - 50,6%)
= Skattbart overskott 40 000 Alminneleg inntektsskatt (skatt 22%)
Utdeling 30 000
- din andel av skatten for overskuddet 4 400 (40 000 som deles på 2 gir 20 000*22/100)
- skjermingsfradrag 0 se nedenfor
= Berekningsgrunnlag for ekstraskatt 25 600 Berekningsgrunnlaget for ekstraskatt blir multiplisert med justeringsfaktor
x Justeringsfaktor 1,72
= Skattegrunnlag for utdeling 44.032 Alminneleg inntektsskatt (skatt 22%)

Spesielt om utrekningsgrunnlaget for utdeling

Skjermingsfrådraget = skjermingsrenta x skjermingsgrunnlaget.
Skjermingsrenta vert fastsett årleg av Finansdepartementet. Skjermingsgrunnlaget er anten innskotet ditt i selskapet pr. årsskiftet eller anskaffingskostnaden for parten då du gjekk inn i selskapet. Det er eigne reglar for partar kjøpte før 1. januar 2006.

Tilbakebetaling av innbetalt kapital vil ikkje vere skattepliktig inntekt for deg, men tilbakebetalinga vil redusere skjermingsgrunnlaget ditt og inngangsverdien ved sal av parten.

Ved utrekning av grunnlaget for ekstraskattlegging av utdelinga skal det takast omsyn til skatt som du betalar på overskotsdelen din. Bakgrunnen for regelen er at deltakarane skal ha høve til å få utdeling frå selskapet for å dekkje løpande skatt på overskotet, utan å bli skattlagde for dette.

Når du har trekt frå eventuelt skjermingsfrådrag og skatt på delen av overskotet skal utrekningsgrunnlaget multipliserast med ein faktor på 1,72 før skatten vert rekna ut.

Om deltakermodellen

Skjermingsrenten

Forskotsskatt

De får ikkje automatisk tilsendt rekning for skatten. Du må derfor sjølv endre skattekortet ditt og føre opp kor mykje du forventar å ta ut i arbeidsgodtgjersle, utdeling og kor stor delen din av overskotet vil vere. Skatteetaten vil rekne ut kor mykje skatt du skal betale basert på dei opplysningane som kjem fram i skattekortet ditt. For selskap som allereie er i drift vil utrekninga av skatt på overskotet bli gjort med bakgrunn i overskotet for føregåande år.

Endring av forskuddsskatt

Underskot

Dersom du ikkje skal ta ut arbeidsgodtgjersle og selskapet reknar med å ha eit underskot, skal du ikkje endre skattekortet. Underskotet skal i staden førast opp i skattemeldinga di.

Korleis betale skatten

Etter at du har meldt endringar i skattekortet ditt, vil Skatteetaten sende innbetalingsblankett til deg til riktig periode.

Skatteinnbetalinga vert fordelt slik:

  • 15. mars,
  • 15. juni, 
  • 15. september og
  • 15. desember.

Denne betalar ein innan fristen for å unngå rentetillegg ved for sein betaling.
Dersom du ut frå omsetningsauke eller liknande får ei meining om at tidlegare utrekna skatt blir for låg, kan du betale inn ekstra skatt: Tilleggsforskotskatt. På Skatteetaten sine nettsider kan du lage KID-nummer og finne riktig kontonummer for innbetaling

Skatteetaten - lag KID-nummer for skatt

Her finn du også riktig kontonummer for betaling av skatt.

Rapportering til Skatteetaten

Rapporteringa av overskot eller underskot, arbeidsgodtgjersle og utdeling skjer årleg gjennom den ordinære skattemeldinga di for inntekt og formuesskatt. Avhengig av omsetning og verksemd er det fleire vedleggsskjema til skattemeldinga som kan vere aktuelle å sende inn. Som hovudregel skal selskapet blant anna levere "RF-1215 Selskapsmelding for selskap med deltakarfastsetjing" og "RF-1233 Selskapets melding over deltakerens formue og inntekt i selskap med deltakerfastsetting". 

Deltakarane skal levere deltakaroppgåva "RF-1221 Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting".  

Frå og med inntektsåret 2023 må selskap med deltakarfastsetting sende inn selskapsmeldingen via rekneskaps- eller årsoppgjersprogram.

Fristen for levering av skattemeldinga er 31. mai og leveringa skal skje elektronisk via Altinn.

Frådrag

Kostnader til drifta av selskapet gjev som hovudregel rett til frådrag for selskapet. Alle kostnader og anskaffingar skal dokumenterast med originale vedlegg og førast i rekneskapen til føretaket. Frådrag for bruk av bil, kostnader til telefon og internett (ek-tenester) og frådrag for heimekontor følgjer av eigne reglar.

Kostnader til kurs for å halde deg oppdatert på det fagfeltet du arbeider med, kan normalt frådragsførast. Utdanning og vidareutdanning kan i motsetnad til det ikkje frådragsførast.

Åpne kontaktskjema