Eigen bil i næring (yrkesbil)

Er du innehavar av eit enkeltpersonføretak eller deltakar i eit ansvarleg selskap og nyttar bil i næringa, kan du ha frådragsrett for bilhaldet. Det er to modellar for frådragsføring, avhengig av bruken, køyrelengde og biltype.


Over eller under 6000 km

Dersom du i arbeidssamanheng køyrer mindre enn 6 000 kilometer med bilen din, kan du føre frådrag etter ein kilometersats på kroner 3,50. Då kan du ikkje føre frådrag for andre kostnader i samband med bilhaldet.

Køyrer du meir enn 6 000 kilometer i næring med bilen, skal du ikkje føre frådrag for kilometer. I staden må du føre frådrag for dei faktiske kostnadene for heile bilhaldet i rekneskapen din. Du må vidare tilbakeføre kostnader som gjeld den private bruken av bilen (sjablongregelen). Det er ikkje krav til å føre køyrebok ved bruk av eigen bil i næring, men ei nøyaktig utfylt køyrebok vil kunne vere avgjerande dokumentasjon ved spørsmål om frådragsførselen. Nyttar du fleire bilar, vil kvar enkelt bil vurderast for seg.

Yrkesbil

Dersom du har behov for varebil klasse 2 i verksemda di, er det eigne frådragsreglar for dette:
Du kan føre frådrag for faktiske utgifter av bilhaldet uansett køyrelengde. Kostnader ved privat bruk kan anten tilbakeførast (sjablongregelen), eller du må inntektsføre kroner 3,40 per kilometer som bilen har vore bruka privat. Vel du den sistnemnde løysinga må det førast elektronisk køyrebok som dokumenterer den private bruken.

Skatte-ABC om yrkesbil

Tilbakeføring av privat bruk (sjablongregelen)

Tilbakeføring av privat bruk vert fastsett på grunnlag av listeprisen på bilen. Du vil bli skattlagd for 30 prosent av listeprisen på bilen opp til 338 800 kroner (2023) og 20 prosent av det overskytende. (I 2022 var tilsvarande sats 329 600 kroner.) Den skattepliktige fordelen skal likevel ikkje overstige 75 prosent av utrekna samla kostnader ved bilhaldet. Avskrivinga av bilen skal takast med i utrekningsgrunnlaget (avskrivingssatsen er 17 prosent av listeprisen på bilen som ny).

Bilpriser - listepris som ny

Dersom det er eit tenestleg behov for ein varebil i klasse 2, vert det gjeve eit botnfrådrag der listeprisen vert redusert med 50 prosent, men maksimalt 150 000 kroner. For varebilar klasse 2 som er eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret, skal listeprisen på bilen som ny setjast til 75 prosent, før han vert redusert med botnfrådraget..

Leiger eller leasar du bilen, skal leiga takast med i dei samla kostnadene for bilhaldet, mens avskrivingane vert haldne utanfor.

Skatteforskriften om beregning av bilholdskostnader

Eksempel 1:

Utrekning av inntektstillegg for personbil:

Bilen kosta 420 000 då han vart kjøpt ny i 2021, og dei totale driftskostnadene i 2023 er på 35 000 kroner. Utrekna avskrivingar (17 %) er 420 000 x 0,83 x 0,83 x 0,17 = 49 188 kroner. (Ved å multiplisere beløpet med 0,83 finn ein verdien på bilen etter avskriving for kvart enkelt år, og når ein multipliserer beløpet med 0,17, finn ein avskrivinga for inneverande år.)

Sjablongtillegg Utrekna inntektstillegg
338 800 x 30 % 101 640 Driftskostnader 35 000
(420 000 - 338 800) x 20 % 16 240 + avskrivingar 49 188
- - Sum totale kostnader 84 188
Utrekna privat fordel 117 880 75 % av kroner 84 188 63 141

Inntektstillegget for privat bruk vil vere det som er lågast av sjablongtillegget og det utrekna inntektstillegget. I dette eksemplet skal altså kroner 63 141 leggjast til inntekta di.

Eksempel 2:

Utrekning av inntektstillegg for varebil klasse 2 når det ligg føre tenestleg behov for bilen:
Utgangspunkt som eksempel 1.

Nypris kroner 420 000.
Botnfrådraget (50 prosent, men maksimalt kroner 150 000 blir kroner 150 000).
Listepris etter botnfrådrag: kroner 270 000.

Sjablongtillegg Utrekna kostnader
270 000 x 30 % = 81 000,- 63 141 (likt reknestykke som i eksempel 1)

I dette eksempelet skal altså 63 141 kroner leggjast til inntekta di.

Åpne kontaktskjema