Rapportering og betaling av mva

Etter registrering i Meirverdiavgiftsregisteret skal du sende inn mva-melding (Skattemelding for meirverdiavgift) seks gonger i året. Mva-meldinga er ein rapport over mva-pliktige sal og kjøp i perioden.


Korleis rapportera?

Rapporteringa kan skje direkte frå dei fleste rekneskapssystem eller gjennom Skatteetatens løysingar.

Skatteetaten – Mva-melding: Sjå, endre og levere

Fristar

Meldinga skal vere levert, og skuldig mva skal vere betalt seinest ein månad og ti dagar etter utløpet av kvar termin. Terminane er som følgjer:

  • 1. termin januar/februar — 10.april
  • 2. termin mars/april — 10. juni
  • 3. termin mai/juni — 31. august
  • 4. termin juli/august — 10. oktober
  • 5. termin september/oktober — 10. desember
  • 6. termin november/desember — 10. februar

Mva-meldinga skal sendast sjølv om det ikkje har vore omsetning i den aktuelle terminen.

Årleg rapportering (årsterminoppgåve)

Når du har vore mva-registrert i minst eitt år, kan du søkje om årleg innlevering (årsterminoppgåve) av meldinga dersom omsetninga di er under 1 mill. 

Skatteetaten om årstermin for små verksemder

Årleg mva-melding har leverings- og betalingsfrist 10. mars, året etter inntektsåret. Skal du søkje om årleg mva-melding er fristen 1. februar i inntektsåret. Leverer du årleg mva-melding, men ønskjer å levere terminvis, må søknad om dette vere kommen fram til skattekontoret seinast 1. desember for å kunne gi verknad for året etter.

Skatteetaten - rapportere meirverdiavgift

Spesielt for primærnæringa

Driv du med jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri, skogbruk eller fiske skal mva-meldingen sendast inn årleg med frist for levering og betaling 10. april. Du kan også ta med omsetning frå anna næring i denne mva-meldinga dersom omsetninga herfrå ikkje overstig 30 000 kroner i løpet av året. Overstig du denne grensa, må du utføre ei sjølvstendig mva-registrering av den andre aktiviteten. Dette kan du gjere sjølv om omsetninga frå anna næring ikkje overstig 50 000 kroner.

Forseinkingsrenter og tvangsmulkt

Det kjem til forseinkingsrenter ved for sein betaling av mva.

I tillegg kan du få døgnmulkt på kroner 622 per døgn om du leverer for seint, lèt vere å rapportera eller om det er openberre feil i dei opplysningane som blir rapporterte. Mulkta kan ikkje overstiga kroner 62 150. Pass på fristane og lever i tide.

Skatteetaten om tvangsmulkt

Forskrift om renter ved forseinka betaling og kompensasjon for inndrivingskostnader

Import og mva

Mva-grunnlaget ved import blir rekna ut av tollverdien. Det vil seie det du har betalt eller skal betale for vara i utlandet, inkludert transportkostnadene til Noreg, forsikring, kostnader til emballasje og liknande, pluss eventuelle toll- og særavgifter.

Mva-grunnlaget fører du opp i mva-meldinga. Dersom føretaket ditt ikkje er mva-registrert, må du betale mva på tollstaden eller via speditøren/transportøren.

Meir om dette finn du i artikkelen om import.

Når du importerer gåver skal du betale mva på gåvesendingar som har ein verdi over 1 000 kroner.

Fjernleverbare tenester

Når du kjøper fjernleverbare tenester frå utlandet (som for eksempel programvare og konsulenttenester leverte over internett), skal du ta med innkjøpet i mva-meldinga når kjøpet gjeld ei tjeneste som ville ha vore avgiftspliktig ved omsetning frå ei norsk verksemd.

Skatteetaten – Mva-melding: Sjå, endre og levere

Er du ikkje registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, skal du rapportere slik kjøp  gjennom ei eiga mva-melding. Denne skal leverast kvar tredje månad, men du skal ikkje berekne og betale meirverdiavgift før samla kjøp for eit kvartal overstig 2 000 kroner, meirverdi ikkje medrekna.

Kontakt og hjelp:

Kontakt Skatteetaten

Åpne kontaktskjema