Årsmelding

Ei årsmelding er ein rapport frå styret og dagleg leiar som seier noko om utviklinga og føresetnadene til bedrifta for framtidig drift.


Kven skal levere?

Rekneskapspliktige som ikkje er definert som små føretak, må utarbeida ei årsmelding. Har du ei rekneskapspliktig verksemd som etter rekneskapslova kjem inn under definisjonen av "små føretak" treng du derimot ikkje utarbeide årsmelding. Eit av kriteria er blant anna at du har ei salsinntekt på under 70 millionar kroner. Dei fleste rekneskapspliktige verksemder vil vere å rekne for små i rekneskapsmessig forstand, og treng ikkje levere årsmelding. 

Rekneskapslova om årsrekneskap og årsmelding

Innhald i årsmeldinga

Årsmeldinga er ei utgreiing frå styret og dagleg leiar som blant anna viser utviklinga i verksemder og føresetnader for framleis drift. Uttømmande informasjon om kva som skal vere med i årsmeldinga vert gjeven i rekneskapslova. Årsmeldinga er ikkje ein del av årsrekneskapen, men kjem i tillegg til denne.

Rekneskapslova om årsmelding for store føretak

Underskrift av årsmeldinga

For rekneskapspliktige som har styre, skal alle styremedlemane skrive under årsrekneskapen og årsmeldinga. Har verksemda dagleg leiar, skal også denne skrive under. Har den rekneskapspliktige korkje styre eller dagleg leiar, skal deltakarane eller medlemane skrive under. Altinn tek vare på underskriftkravet. Dersom ein som skal signere meldinga har innvendingar til årsrekneskapen eller årsmeldinga, skal vedkomande skrive under med signert atterhald, og forklare dette nærmare i årsmeldinga. Årsmeldinga skal vere godkjend av generalforsamlinga eller tilsvarande organ seinast seks månader etter rekneskapsårets slutt.

Rekneskapslova om underteikning av årsrekneskapen og årsmeldinga

Innsending til Rekneskapsregisteret

Er verksemda di pliktig til å utarbeide årsmelding, skal denne sendast til Rekneskapsregisteret saman med årsrekneskapen.

Rekneskapsstiftinga – NRS 16 – Årsberetning

Brønnøysundregistera om innsending av årsrekneskap

Åpne kontaktskjema