Må eg ha revisor?

Alle som er pliktige til å revidere årsrekneskapen må ha ein revisor. Om du har revisjonsplikt er blant anna avhengig av kva for organisasjonsform du har og storleiken på verksemda. Nokre bransjar har revisjonsplikt gjennom særreglar. Advokatar, rekneskapsførarar og eigedomsmeklarar er eksempel på dette.


Revisjon er ein kontroll og ei gransking av rekneskapen din. Er du revisjonspliktig må du velje eit godkjent revisjonsselskap eller ein registrert eller statsautorisert revisor til å utføre denne kontrollen. Etter gjennomgangen skal revisoren lage ei revisjonsmelding som skal sendast inn saman med årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret. Dersom revisoren har merknader, skal det kome fram i denne revisjonsmeldinga.

Revisorloven om revisjonsplikt

Revisoren skal ikkje ha noko tilknyting til verksemda ut over å vere revisor. Revisorlova stiller strenge krav til sjølvstende. Har du for eksempel ein bror som er revisor, kan han ikkje vere revisor for verksemda di.

Søk etter godkjent revisor

Revisorloven om revisors opplysningsplikt

Aksjeselskap (AS)

Små aksjeselskap treng vanlegvis ikkje å ha revisor. Dei kan velje at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast. Dette vert kalla fråval av revisjon.

Aksjeelskapet kan velje bort revisjon dersom:

  • driftsinntektene er mindre enn 6 millionar kroner, og
  • balansesummen er under 23 millionar kroner, og
  • gjennomsnittleg tal på tilsette er under 10 årsverk

Fråval av revisjon i eksisterande aksjeselskap

Ved fråval av revisjon i eksisterande selskap vert føregåande årsrekneskap bruka som grunnlag for vurderinga. Viser årsrekneskapen at aksjeselskapet er under grensene, kan generalforsamlinga vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast, og sksjeselskapet kan seie opp revisoren. Fråval av revisjon melder ein på skjemaet Samordna registermelding i Altinn, og er gyldig når det er registrert i Føretaksregisteret. 

Fråval av revisjon i nye selskap

Dersom det i stiftelsesdokumentet ikkje vert valt revisor, skal ikkje årsrekneskapen reviderast. Det vert då automatisk rekna som at aksjeselskapet har valt bort revisjon.

Aksjeloven om fravalg av revisjon

Brønnøysundregistrene om fravalg av revisjon

Forskrift om terskelverdier for beslutning om å unnlate revisjon etter aksjeloven

Morselskap i konsern

Eit aksjeselskap som er morselskap i konsern kan vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast, når vilkåra for terskelverdiane er oppfylte for konsernet sett som ein heilskap.

Aksjeloven - definisjon av konsern

Enkeltpersonføretak

Små enkeltpersonføretak har normalt ikkje revisjonsplikt. Revisjonsplikta inntrer når omsetninga er over 5 millionar kroner førre rekneskapsår, og ein av desse føresetnadene i tillegg er oppfylt:

  • Balansen viser eigedelar over 20 millionar, eller
  • Gjennomsnittleg tal på tilsette er over 20 årsverk.

Ansvarlege selskap (ANS/DA)

Små ansvarlege selskap har vanlegvis ikkje revisjonsplikt.

Eit ansvarleg selskap får revisjonsplikt under følgjande føresetnader:

  • Driftsinntektene er 5 millionar kroner eller meir, eller
  • Talet på deltakarar er over 5, eller
  • Dersom alle deltakarane er juridiske personar og har eigedelar i balansen over 20 millionar eller gjennomsnittleg tal på tilsette er meir enn 10 årsverk.

Samvirkeføretak (SA)

Eit samvirkeføretak blir revisjonspliktig når driftsinntektene førre rekneskapsår er 5 millionar kroner eller meir.

NUF

Eit NUF som er skattepliktig til Noreg har revisjonsplikt når driftsinntektene førre rekneskapsår er 5 millionar kroner eller meir.

Når inntrer revisjonsplikta og når fell ho bort?

Når grensene vert passerte og verksemda blir revisjonspliktig, inntrer revisjonsplikta neste rekneskapsår.

Eit revisjonspliktig aksjeselskap kan velje bort revisjon året etter at terskelverdiane er under grensene.

I eit revisjonspliktig enkeltpersonføretak, ansvarleg selskap, samvirkeføretak eller NUF må driftsinntektene vere under grensa to år på rad før revisjonsplikta fell bort frå og med det tredje rekneskapsåret.

Revisorloven om revisjonsplikt og adgangen til å si opp revisor

Aksjeloven om unntak fra revisjonsplikten

 

Eksempel

Aksjeselskap

Eksempelbedrifta AS starta opp i 2015. Bedrifta har inntekter på under 6 millionar dei første åra, og tilfredsstiller elles krava for å kunne velje bort revisjon. Dei har vald å nytte seg av moglegheita, og har vald bort revisjon av årsrekneskapen.

I år 2017 får dei ein ekstraordinær stor leveranse, og har 7 millionar kroner i inntekter dette året. Det betyr at dei blir revisjonspliktige for det påfølgjande året, altså for året 2018.

I 2018 omset dei for 4 millionar, men må likevel revidere rekneskapen i og med at det er førre års rekneskap (2017) som vert lagd til grunn.

I 2019 melder dei igjen fråval av revisjon, på bakgrunn av at inntektene for 2018 er under grensa.

Samvirkeføretak

Fellesblomster SA vart oppretta i 2015. Det første året har samvirkeføretaket ei inntekt på 3,5 millionar. Grensa for revisjonsplikt er over 5 millionar, og samvirkeføretaket har derfor ikkje revisjonsplikt.

I 2016 får dei ein stor ordre og inntektene aukar til 5,5 millionar kroner. Grensa for revisjonsplikt vert passert. Det betyr at samvirkeføretaket vert revisjonspliktig det påfølgjande året (2017).

I 2017 fell inntektene til 4,5 millionar kroner. Samvirkeføretaket må likevel revidere rekneskapen i både 2017 og 2018, fordi dei må vere under grensa to år på rad før revisjonsplikta fell bort. Dersom samvirkeføretaket har inntekter under 5 millionar også i 2018, fell revisjonsplikta bort frå og med 2019.

Særattestasjonar

Ver merksam på at sjølv om verksemda di ikkje har plikt til å revidere årsrekneskapen, kan enkelte hendingar krevje ein særskild attestasjon av ein revisor.

For eksempel krev aksjelova at ein revisor skal stadfeste innskoten kapital i eit aksjeselskap dersom aksjeinnskotet vert gjort med andre eigedelar enn pengar. Dette gjeld både ved stiftelse av aksjeselskapet og eventuelt seinare kapitalauke.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema