Drift av foreining

Ei foreining er sjølveigande og det er vedtektene som set rammene for korleis ei foreining skal organiserast, og kva for reglar som gjeld for foreininga.


Årsmøtet

Årsmøtet er det øvste organet i foreininga der alle medlemane har møterett, talerett og røysterett. Årsmøtet kan ta avgjerder i eit kvart spørsmål som gjeld foreininga. Årsmøtet står fritt til å delegere denne myndigheita til andre organ, som for eksempel eit styre. Årsmøtet kan også instruere andre organ i foreininga eller gjere om tidlegere vedtak i underordna organ.

Gjennomføring av årsmøtet

Reglar om kor ofte årsmøte skal haldast, krav til innkalling og gjennomføring av årsmøtet går normalt fram av vedtektene til foreininga. Sjølv om det ikkje er uttrykkeleg regulert i vedtektene, så har kvar medlem ei røyst. Vedtak på årsmøtet vert normalt trefte ved alminneleg fleirtal av frammøtte medlemar. Strengare fleirtalskrav gjeld ved for eksempel vedtektsendring og vedtak om opphøyr og sletting av foreininga.

Brønnøysundregistera om foreining

På årsmøtet behandlar ein rekneskap, budsjett og årsmeldinga til styret. Val i samsvar med vedtektene vert også behandla på årsmøtet.

God rekneskapsskikk for ideelle organisasjonar

Digitale møte er i dag jambyrdig med fysiske møte. Det normale med digitale møte er å bruke ulike løysingar for telefon, videomøte eller ein app for digitale møte. Det skal leggjast til rette for samtidig deltaking og moglegheit for dialog mellom deltakarane.

Styre

Foreiningar som driv næringsverksemd skal ha eit styre. For andre foreiningar kan det i vedtektene bestemmast om foreininga skal ha eit styre eller ikkje.
For foreiningar utan styre er det årsmøtet som er ansvarleg for forvaltninga av foreininga. Dette vil som regel vere upraktisk, derfor har dei fleste foreiningane vedtektsfesta at ho skal ha eit styre og kva for kompetanse styret skal ha. Styret vert normalt valt av medlemane i foreininga. Det er ikkje noko minstekrav til kor mange styremedlemar det skal vere. Talet bør kome fram med eit minimum og maksimum tal i vedtektene.

Tilsette, dagleg leiar/forretningsførar

Det er ikkje noko i vegen for at både medlemar og ikkje-medlemar kan vere tilsette i ei foreining, og få lønn. Dagleg leiar kan ta avgjerder som gjeld den daglege leiinga. Avgjerder som går ut over det som vert rekna som dagleg leiing, for eksempel strategiske val, er det styret som har ansvaret for.

Ver merksam på at det er spesielle reglar for foreiningar når det gjeld skatt, arbeidsgjevaravgift og lønnsutbetalingar.

Skatteetaten om meirverdiavgift for velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Skatteetaten om skatt for frivillige og ideelle organisasjonar

Arbeidsgivaravgift for velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av foreininga.
Registrering eller endring av signatur melder ein via Samordna registermelding. Som dokumentasjon krevst protokoll frå årsmøtet, styre eller vedtekter som viser endringa. Alternativt kan heile styret signere i skjemaet.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av foreininga i det meste som gjeld drifta.
Registrering eller endring av prokura melder ein via Samordna registermelding.

Nærmare informasjon om signatur og prokura finn du på brreg.no:

Brønnøysundregistera om roller i foreininga eller laget

Brønnøysundregistera – endre opplysningar for lag eller foreining

 

Åpne kontaktskjema