Korleis melde flytting, ny bankkonto og andre endringar?

Dersom føretaket ditt flyttar, får nye styremedlemmer, ny bankkonto eller liknande, må du sørge for at desse endringane blir registrerte. Kor du skal melde endringane varierer avhengig av kva som skal endrast.


Endring av adresse/kontaktinfo/verksemdsbeskriving/styremedlemmer

Endring av adresse, telefon, e-post, føretaksnamn, verksemdsbeskriving, styremedlemmer og liknande melder du via skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Ved flytting må du i tillegg melde adresseendring til Posten.

Melding om adresseendring til Posten

Endring av bankkontonummer for refusjon av meirverdiavgift

For å endre kontonummer for refusjon av meirverdiavgift loggar du inn på Skatteetaten sine kontoopplysningar for verksemda di.

Skatteetaten – registrera eller endra kontonummer i Meirverdiavgiftsregisteret

Endring av bankkontonummer for tilbakebetaling av skatt

For å endre kontonummer for tilbakebetaling av skatt loggar du inn på Skatteetaten sine kontoopplysningar for verksemda di.

Skatteetaten – registrere eller endre kontonummer for utbetalingar frå Skatteetaten

Endring av bankkontonummer for refusjonar frå NAV

For å endre kontonummer for refusjonar frå NAV til arbeidsgivar loggar du inn på tenesta "Bankkontonummer for refusjonar frå NAV til arbeidsgivar".

Åpne kontaktskjema