Konkurs i aksjeselskap

Klarar ikkje aksjeselskapet lenger å innfri dei økonomiske forpliktingane sine, då må styret vurdere om det ligg føre konkurs. Konkursen melder ein til tingretten der aksjeselskapet er registrert. Formålet med konkursbehandlinga er å få oversikt over og å realisere eventuelle eigedelar slik at krava mot verksemda i størst mogleg grad kan gjerast opp.


For at eit aksjeselskap skal reknast for å vere konkurs må aksjeselskapet vere insolvent. Det betyr at aksjeselskapet ikkje er i stand til å gjere opp dei økonomiske forpliktingane sine ved forfall, og at det heller ikkje er eigedelar i verksemda til å dekkje gjelda.

Ved insolvens må verksemda vere varig ute av stand til å gjere opp forpliktingane sine. Tingretten opnar konkurs etter krav frå verksemda sjølv, eller frå ein kreditor. 

Konkursrådet om konkurs i aksjeselskap

Konkurslova

Konkurslova om vilkår for konkurs

Krav om konkurs frå verksemda sjølv

Det er styret som har ansvaret for økonomien i aksjeselskapet. Styret skal heile tida sjå til at aksjeselskapet har ein forsvarleg eigenkapital og likviditet jamført med omfanget av og risikoen ved drifta. Kjem styret til at eigenkapitalen ikkje lenger er forsvarleg, så er det styret sitt ansvar å vurdere om det er grunnlag for framleis drift. Blir resultatet av denne vurderinga at verksemda er insolvent, er det styret sitt ansvar å melde oppbod til den lokale tingretten(i Oslo skal det rettast til Oslo byfutembete).

Domstolane

Aksjelova om begjæring om gjelds- og konkursbehandling

Når eit aksjeselskap sjølv melder frå til tingretten vert det kalla å melde oppbod. I tillegg til meldinga om oppbod skal det også oversendast enkelte vedlegg. (firmaattest, liste over kreditorar og stilte sikkerheiter, liste over eigedelar, styremøteprotokoll og siste rekneskap.) Eit aksjeselskap som sjølv melder oppbod, er friteke for å stille sikkerheit og ansvar for kostnader ved konkursbehandlinga.

Oppbodkrav for aksjeselskap

Konkursbehandlinga

Tingretten behandlar meldinga om oppbod, og vurderer om verksemda er insolvent eller ikkje. Viss verksemda er insolvent, opnar tingretten konkurs og utnemner ein bustyrar. Bustyraren er normalt ein advokat, og er den som skal gjennomføre konkursbehandlinga.

Konkursen inneber at alle eigedelane til verksemda blir beslaglagde til fordel for kreditorane. Når det er opna konkurs, mistar alle som opptrer på vegner av verksemda omgåande råderetten over eigedelane. Råderetten vert overført til konkursbuet ved bustyraren.

Med eigedelar meiner ein alle verdiane som tilhøyrer aksjeselskapet, medrekna blant anna kontantar, bankkontoer, fast eigedom, bilar, driftstilbehøyr, uteståande fordringar, inventar, registrerte varemerke og patentrettar. 

I samband med konkursbehandlinga kan bustyraren i enkelte tilfelle velje å drive verksemda vidare, eller at heile eller delar av verksemda vert seld til ny eigar. 

Styret og dagleg leiar i aksjeselskapet pliktar å hjelpe buet vederlagsfritt. Dei  pliktar å gje tingretten og bustyraren alle opplysningar om dei økonomiske forholda sine, og om forretningsførselen sin før og under konkursen. Skyldnaren pliktar også å hjelpa til med å skaffa mellom anna rekneskapsbilag og andre dokument av betyding for bubehandlinga, og elles yta nødvendig bistand.

Rekneskapsføraren og revisoren til verksemda er pliktige til å utlevere skuldnaren sitt rekneskapsmateriell og opplyse buet om skuldnaren sin rekneskaps- og forretningsførsel. Plikta gjeld sjølv om honorar for det utførte arbeidet ikkje er betalt, og uavhengig av eventuell teieplikt.

Etter at bustyrar har teke ei fullstendig gjennomgang av skuldnaren si økonomiske stilling, vert bubehandlinga avslutta. Bubehandlinga blir innstilt av tingretten dersom det ikkje er middel til å fortsetje bubehandlinga. Dersom det er middel i buet, vert bubehandling avslutta ved at midla i buet blir delte ut til kreditorane slik at desse får forholdsmessig dekning. 

Tingretten kan avseia rettsavgjerd om konkurskarantene viss ein person er mistenkt for ei straffbar handling i samband med konkursen eller den verksemda som har ført til konkursen.

Brønnøysundregistera om konkurskarantene

Etter konkursbehandlinga

Aksjonærane i føretaket har i utgangspunktet ikkje ansvar for gjelda til aksjeselskapet. Ansvaret deira er avgrensa til den aksjekapitalen dei har teikna seg for. Likevel kan det oppstå erstatningsansvar for styremedlemar, eigarar og andre som følgje av disposisjonar dei har gjort i samband med styringa av verksemda. Det kan også liggje føre garantiansvar overfor enkelte av kreditorane, for eksempel ved at styremedlemar og/eller aksjonærar personleg har kausjonert for gjelda til verksemda.

Åpne kontaktskjema