Korleis slette eit enkeltpersonføretak?

Eit enkeltpersonføretak skal slettast dersom næringsverksemda opphøyrer. Inntil du melder frå om sletting vil myndigheitene leggje til grunn at du har ei verksemd å rapportere om, og du må framleis svare på lovpålagde skjema.


Meld sletting til Brønnøysundregistera

Du slettar enkeltpersonføretaket ved å nytte skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Skjemaet må signerast etter at du har fylt det ut. Du vil få ei eiga signeringsmelding i innboksen din på Altinn.

Meld frå til Skatteetaten

Meirverdiavgiftspliktige verksemder må rekne ut, rapportere og betale meirverdiavgift av varebehaldning og driftsmiddel når verksemda opphøyrer. Rapporteringa gjer ein via den siste mva-meldinga.

Skatteetaten – Mva-melding: Sjå, endre og levere

Har du driftsmiddel att i verksemda di når ho opphøyrer må desse verdivurderast/takserast og takast ut til eige bruk, eller seljast. I slike tilfelle må dette komme fram av næringsspesifikasjon i vedlegg til skattemeldinga. 

Eventuelle inntekter i løpet av avviklingsåret melder du på skattemeldinga som du leverer året etter inntektsåret.

Skatteetaten — Vegvisar til korleis du avsluttar verksemda di

Ansvar for forpliktingar

Du og verksemda di er eitt, og eit krav mot enkeltpersonføretaket er eit krav overfor deg. Dette gjeld også etter at enkeltpersonføretaket er sletta. Ta deg tid til å gjennomføre ei ryddig avvikling, det er ein stor fordel for deg sjølv og økonomien din.

Krav til oppbevaring av dokumentasjon

Du må oppbevare all dokumentasjon på inntekter og utgifter i fem år. Dette gjeld også etter at enkeltpersonføretaket er sletta.

Hva kostar det?

Det er gratis å melde sletting.

Brønnøysundregistera om å avslutte eit enkeltpersonføretak

 

Åpne kontaktskjema