Korleis oppløyse og slette eit aksjeselskap (AS)

Dersom det ikkje lenger er næringsverksemd i aksjeselskapet bør det slettast. Inntil du melder frå om sletting vil myndigheitene legge til grunn at du har ei verksemd å rapportere om, og du må framleis levere lovpålagde oppgåver og skjema.


Generelt om avviklinga

Ein føresetnad for å kunne avvikle er at det finst eigedelar i selskapet til å dekke forpliktingane. Har ikkje verksemda kontantar eller andre eigedelar til å gjere opp krava mot seg på avviklingstidspunktet må styret melde oppbod, konkurs til tingretten.

Oppløysing og sletting av eit aksjeselskap må gjerast i to trinn. Først må generalforsamlinga vedta at det skal oppløysast. Neste trinn er at generalforsamlinga vedtar sletting. Begge delar må meldast til Føretaksregisteret. Tida mellom desse to trinna blir normalt kalla avviklingsperioden, der styret førebur avviklinga av selskapet.
Avviklingsperioden kan ikkje vere kortare enn seks veker og normalt bør han ikkje vere lenger enn 12 månader.

Avviklingsperioden kan ikkje vere kortare enn seks veker og normalt bør han ikkje vere lenger enn 12 månader.

Generalforsamling

Generalforsamlinga må først vedta at aksjeselskapet skal oppløysast. Etter slutten på avviklingsperioden skal generalforsamlinga godkjenne avviklingsrekneskapen og vedta sletting av selskapet. Generalforsamlinga kan tidlegast bli halden etter at kreditorfristen på seks veker er ute. Vedtaket i generalforsamlinga om oppløysing og sletting krev tilslutning frå minst to tredelar, både av avgitte røyster, og av aksjekapitalen som er representert på generalforsamlinga.

Meld oppløysing til Brønnøysundregistera

Vedtak om oppløysinger første trinn og blir meldt i skjemaet Samordna registermelding

Protokollen frå generalforsamlinga som viser vedtak om oppløysing må leggast ved. Dersom det blir valt nye styremedlemmer i samband med avviklinga, må dette også bli meld. Dei nye styremedlemmene stadfestar at dei tar på seg oppdraget ved å signere skjemaet. Vedtaket om oppløysing blir publisert på Brønnøysundregistera sine kunngjeringssider. Eventuelle kreditorar kan melde kravet til styreleiar. Kreditorfristen er seks veker og gjeld frå den datoen kunngjeringa er publisert.

Føretaksregisterlova om plikt til å melde sletting av føretaket

Avviklingsperioden

Det er styret som har ansvaret for avviklinga av aksjeselskapet. I avviklingsperioden skal styret sørge for at eventuelle kreditorar får krava sine dekte. Det skal også utarbeidast ei liste over eigedelane til verksemda, rettane og pliktene, og deretter gjere opp ein balanse med tanke på avviklinga. For revisjonspliktige selskap skal avviklingsrekneskapen reviderast, dei selskapa som har valde bort revisjonsplikta treng ikkje å revidere avviklingsrekneskapen.

Eigedelane til verksemda skal normalt bli gjorde om i pengar. Blir eigedelane omgjorde ved sal, skal det reknast ut meirverdiavgift så lenge verksemda er meirverdiavgiftspliktig. Driftsmidlar og eigedelar som ikkje er selde under avviklingsprosessen, blir rekna som overtekne av aksjonærane. Også her skal det bereknast meirverdiavgift dersom verksemda er meirverdiavgiftspliktig.

Eit eventuelt overskot etter dekning av forpliktingane skal delast ut til aksjonærane. Dette kan tidlegast gjerast seks veker etter kunngjering av avviklinga.

Er det ennå registrert tilsette i avviklingsperioden, må det sørgast for at alle arbeidsforhold er registrerte med ein sluttdato. Dette gjer de i a-meldinga.

Meld frå til Skatteetaten

Aksjeselskapet må krevje førehandsfastsetjing, via skattemeldinga. Skattemeldinga sender ein inn når avviklinga er ferdigstilt (det vil seie når alle forpliktingane er gjorde opp, alle eigedelar er realiserte og gevinst og tap er gjorde greie for).

Skatteforvaltningsforskrifta om plikt til førehandsfastsetjing

Meirverdiavgiftspliktige verksemder må levere ordinær mva-melding.

Skatteetaten – Mva-melding: Sjå, endre og levere

Aksjonærregisteroppgåva RF-1086 sender ein inn samtidig som levering av skattemeldinga.

Skatteetaten — Vegvisar til korleis du avsluttar verksemda di

Meld sletting til Brønnøysundregistera

Melding om sletting skal sendast til Føretaksregisteret utan ugrunna opphaldnår generalforsamlinga har godkjent det endelege og eventuelt reviderte avviklingsoppgjeret. Dette melder ein i Samordna registermelding i Altinn. I samanheng med avviklinga skal det også sendast inn den siste årsrekneskapen sendast til Rekneskapsregisteret.

Brønnøysundregistera om sletting av aksjeselskap (AS)

Ansvar for forpliktingane

Dersom eit føretak berre "ebbar ut", utan formell avvikling, kan det dukke opp ukjende gjeldspostar og forpliktingar. Ved ei ryddig avvikling vil det alltid vere nokon som har eit formelt ansvar til siste slutt. Aksjonærane har ansvar for ubetalte krav mot verksemda oppetter avgrensa til det aksjonærane har fått som utdeling i samband med avviklinga.

Oppbevaring av rekneskapsmateriale

Kravet i bokføringslova om å oppbevare rekneskapsmateriale i 5 år gjeld også etter sletting av verksemda. Det er avviklingsstyret som har ansvaret for at dette blir gjort.

Kva kostar det?

Det er gratis å melde oppløysing og sletting av føretaket.

Aksjelova om oppløysing og avvikling

Samordna registermelding (Variantar for nedlasting)

Åpne kontaktskjema