Styringsrett og medråderett

Arbeidsgivaren har rett til å ta avgjerder i verksemda gjennom arbeidsgivaren sin styringsrett. Dei tilsette har likevel ei medråderett som inneber at dei skal ha innverknad på avgjerder som vert tekne.


Arbeidsgivaren sin styringsrett

I styringsretten ligg retten til å organisere, leie, fordele og kontrollere arbeidet og å tilsetje og seie opp arbeidstakarar. Styringsretten er ikkje lovfesta, men ligg til grunn i alle arbeidsforhold og er akseptert i rettspraksis. Styringsretten er avgrensa av arbeidsavtalen, eventuelle tariffavtalar, praksis og ei rekkje lover, som for eksempel arbeidsmiljølova, ferielova, likestillingslova og folketrygdlova.

Arbeidstilsynet om arbeidsgivers styringsrett og endringsoppsigelse

Tilsette sin medråderett

Arbeidstakarane har medråderett ved avgjerder som er av betyding for arbeidsforholdet. Prinsippet om medråderett er fastslege i Grunnlova. Medråderetten er også teken inn i andre lover. Eksempelvis følgjer det av arbeidsmiljølova at arbeidstakarane skal medverke ved utforminga av system som vert bruka ved planlegging og gjennomføring av arbeidet. Det finst også reglar om verneombod som skal ta vare på arbeidstakarane sine interesser i saker som gjeld arbeidsmiljøet.

Arbeidstilsynet om arbeidsgivers plikt til å sørge for medverknad

Arbeidstilsynet om arbeidsmiljøutvalg (AMU)

Arbeidstilsynet om verneombodet sine oppgåver og roller

Arbeidstilsynet om tillitsvalgt

Arbeidsmiljøloven om krav til medverknad

Arbeidsmiljøloven om verneombod

 

Kontakt og hjelp:

Arbeidstilsynet

Åpne kontaktskjema