Kva for plikter har du som arbeidsgjevar

Som arbeidsgjevar har du mange plikter overfor dei tilsette. Dei viktigaste pliktene i forholdet til ein arbeidstakar er omtala i arbeidsmiljølova, folketrygdlova, lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP-lova) og ferielova.


I hovudsak bestemmer du sjølv om du ønskjer å tilsetje nokon, men det er nokre unntak frå retten din til å velje fritt. Det er blant anna ikkje lov å gjere skilnad på søkjarar på bakgrunn av kjønn, graviditet, foreldrepermisjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, alder, politisk syn eller medlemskap i ein arbeidstakarorganisasjon. Deltidstilsette og tilsette som i løpet av det siste året har vorte nedbemanna, vil ha ein fortrinnsrett.

  • Utgangspunktet er at arbeidstakarar skal tilsetjast fast, men i visse tilfelle har du moglegheit til å nytte mellombels tilsetjing eller å leige inn arbeidskraft.
  • Dersom du skal tilsetje utanlandske arbeidstakarar er det ditt ansvar å sjekke at han eller ho har rett til å arbeide i Noreg.
  • Alle tilsette skal ha skriftleg arbeidsavtale. Det er avgrensingar i kva for arbeidstid som kan avtalast.
  • Ved fastsetjing av lønn må du for visse bransjar ta omsyn til reglane om minstelønn.
  • Dei fleste arbeidsgjevarane må teikne tenestepensjonsordning for dei tilsette, og du må teikne yrkesskadeforsikring for alle tilsette.
  • Som arbeidsgjevar skal du utbetale lønn, trekkje skatt og betale arbeidsgjevaravgift. Alle lønns- og tilsetjingsforhold skal rapporterast månadleg via a-meldinga.
  • Arbeidsgjevaren har ansvar for å betale sjukepengar dei første 16 dagane når arbeidstakaren er sjuk. Deretter tek NAV over ansvaret. Du må også følgje opp sjukemelde arbeidstakarar og føre statistikk over sjukefråværet.
  • Som arbeidsgjevar har du ansvar for at arbeidstakarane har eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og at regelverket i arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter vert etterlevd. Ved arbeidsulukker, yrkesskadar eller yrkessjukdom har du meldeplikt til Arbeidstilsynet.
  • Det er avgrensingar i retten til bruk av overtid, og du har som arbeidsgjevar ansvar for at arbeidstakarane tek ut den lovbestemde ferien.
  • Arbeidstakarar har i visse tilfelle rett til lønna eller ulønna permisjon, blant anna i samband med fødsel og utdanning.
  • Ved mellombels ordremangel, ulukker eller naturhendingar som gjer det nødvendig å innskrenke eller stanse drifta, har du moglegheit til å permittere arbeidstakarar.
  • Dersom det på grunn av forhold i verksemda eller forhold knytte til arbeidstakarar vert nødvendig å gå til oppseiing, er det viktig å gå fram på riktig måte. Ver merksam på at visse grupper har eit særskilt vern mot oppseiing.
Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema