Ferieavvikling ved sjukdom, under foreldrepermisjon og i oppseiingstid
Arbeidstakarar som blir sjuke før ferien, kan krevje at ferien vert utsett til seinare i ferieåret. Den tilsette må skaffe legeerklæring og levere krav om utsetjing seinest dagen før ferien byrjar.
Sjukdom før eller i ferien
Arbeidstakar som blir sjuk delar av eller heile ferien, kan krevje tilsvarande tal dagar ferie seinare i ferieåret. Også her må arbeidstakar skaffe legeerklæring, og levere kravet snarast mogleg etter at arbeidet er teke opp att.
Retten til å utsetje feriedagane eller få nye feriedagar gjeld berre for dei lovbestemde feriedagane.
Arbeidstilsynet om sjukdom i ferien
Ferieloven om sjukdom i ferien
Ferie og foreldrepermisjon
Arbeidstakar har rett, men ikkje plikt til å avvikle lovbestemd ferie i løpet av permisjonstida når han/ho får foreldrepengar. Permisjonen vert då forskyvd tilsvarande perioden ein har ferie.
Ferie og militærteneste
Du kan ikkje påleggje ein arbeidstakar å ta ut ferie under pliktig teneste i Heimevernet, Sivilforsvaret eller i samband med repetisjonsøving i Forsvaret, med mindre arbeidstakaren samtykkjer i dette.
Fell plikttenesta saman med allereie fastsett ferie, kan arbeidstakaren krevje utsetjing av feriedagane.
Ferie i oppseiingstida
Du kan ikkje leggje ferie til oppseiingstida med mindre arbeidstakaren samtykkjer i dette. Unntaket er dersom oppseiingsfristen er tre månader eller lengre.
Ferielova om ferie i oppseiingstida