Ferie

Alle arbeidstakarar har krav på minst fire veker + ein dag ferie kvart år. Arbeidstakarar som har fylt 60 år skal ha ei veke ekstra. Det kan avtalast meir ferie enn det som følgjer av lova. Mange har gjennom ein tariffavtale eller annan avtale med arbeidsgivaren rett til fem veker ferie.


Plikt til å ta ut ferie

Som arbeidsgivar har du ansvar for at arbeidstakarane tek ut all lovbestemd ferie i løpet av ferieåret. Ferieåret følgjer kalenderåret. Arbeidsgivarar som ikkje sørgjer for at arbeidstakarar vert gjevne ferie risikerer å bli erstatningspliktig overfor arbeidstakarane. Arbeidstakarane har også plikt til å ta ut ferie. All lovbestemd ferie som ikkje er teken ut i løpet av ferieåret, skal overførast til påfølgjande ferieår. Ferien skal takast ut i feriedagar, ikkje pengar.

Ferielova

Arbeidstilsynet om ferie

Tidspunkt for uttak av ferie og drøfting av ferielister

Arbeidsgivaren og arbeidstakaren må drøfte ferietidspunktet og ferielistene i god tid før ferien. Dersom de ikkje blir einige, er det du som arbeidsgivar som bestemmer når ferien skal avviklast. Alle arbeidstakarar kan likevel krevje minst tre veker samanhengande ferie i perioden 1. juni til 30. september. Resten av den lovbestemde ferien (1 veke + ein dag) skal også vere samanhengande dersom arbeidstakaren krev det. Arbeidstakarane kan krevje å bli orienterte om tidspunkta for ferieavvikling minst to månader før ferien skal starte.

Ferielova om tidspunkt for ferie

Ferielova om lengda i ferien

Ferie, deltid og skiftarbeid

Arbeidstakarar som jobbar deltid eller skift kan ikkje krevje at ferien berre skal leggjast på arbeidsdagane. Har ein arbeidstakar eksempelvis ei veke ferie, vil dette tilsvare seks yrkedagar (lørdag vert rekna som yrkedag i ferielova), uavhengig av om personen i den aktuelle veka berre skulle jobbe to dagar.

Overføring av ferie og uttak av ferie på forskot

Dersom partane er einige om det, kan inntil to veker av den lovbestemde ferien overførast til neste år. Det er også tillate å ta ut inntil to veker ferie på forskot. Reglane om overføring av ferie og forskotsferie kan fråvikast ved tariffavtale eller annan avtale. Der det er avtalt ferie ut over det som er lovbestemt, kan arbeidsgivaren og arbeidstakaren avtale at også dei ekstra feriedagane kan overførast til året etter.

Utbetaling av lønn i staden for lovbestemd ferie

Det er normalt ikkje tillate å utbetale lønn i staden for å gje lovbestemd ferie. Unntaket er utbetaling av feriedagar til gode når ein tilsett sluttar.

Ferie hos ny arbeidsgivar

Arbeidstakarar som ikkje får avvikla ferie inneverande år før arbeidsforholdet vert avslutta, og byrjar hos ny arbeidsgIvar før 30. september same år, har krav på å få avvikle resterande feriedagar hos ny arbeidsgivar.

Les meir: 

Ferieavvikling ved sjukdom, under foreldrepermisjon og i oppseiingstid

Feriepengar

Åpne kontaktskjema