Forskotstrekk/skattetrekk lønn

Som arbeidsgjevar må du trekkje skatt av lønn og anna godtgjersle som du betalar ut til dei tilsette. Kor mykje du skal trekkje i skatt finn du i skattekortet til arbeidstakaren.


Skattekort

Alle arbeidsgjevarar er ansvarlege for å laste ned skattekortet til dei tilsette. Dette gjer du i Altinn. Det er to måtar å gjere dette på, i eller utanfor eit lønnssystem.

Skjema "RF-1307 Skattekort til arbeidsgivar"  vert bruka for å hente skatte
kort for tilsette utan å gå via eit lønnssystem.

Skjema "RF-1211 Skattekort til arbeidsgivar – innsending frå system" vert bruka for å hente skattekort via eit lønnssystem. Du må sjølv undersøkje om lønnssystemet du brukar støttar denne Altinn-tenesta.  

Skatteetaten om skattetrekkskonto

Skattebetalingsloven om forskuddstrekk og skattetrekk

Skatteetaten om skattekort og skattetrekk

Skatteetaten – slik trekker du riktig skatt

I januar det følgjande året kan du bruka skattekortet frå førre år ved lønnskøyringa.

Eigen skattetrekkskonto

Det må opprettast ein eigen skattetrekkskonto i banken. Skattetrekket skal overførast til denne kontoen samstundes med utbetaling av lønna. Dette er ein spesiell konto der pengane står låste og kan berre utbetalast til Skatteetaten. Dette fordi skatten du har trekt av lønna tilhøyrer dei tilsette. Banken din veit kva det gjeld når du ber om å få opprette ein skattetrekkskonto.

Det er også mogleg å ha ein bankgaranti i staden for ein skattetrekkskonto.

Skattebetalingsloven om skattetrekkskonto

Rapportering og betaling

Forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift skal innbetalast seks gonger i året. Grunnlaget for betalinga finn du i a-meldinga som du plikter å rapportere den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller andre godtgjersler. Det vert ikkje sendt ut eit eige krav frå skattemyndigheitene.

Åpne kontaktskjema