Skatt for utanlandske arbeidstakarar

Som arbeidsgivar har du ansvar for å rapportera opplysningar om dine tilsette til Skatteetaten.


Rapportera lønn, forskotstrekk og arbeidsgivaravgift

Når du som utanlandsk arbeidsgjevar har med dine tilsette til Noreg for å arbeide her i landet, vil du som hovudregel vere pliktig til å rapportere lønn, forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift til Skatteetaten. Dette er uavhengig av om det skal betalast skatt i Noreg eller ikkje. Skatteplikta vil vere avhengig av kor lenge arbeidstakaren skal vere i Noreg og kva skatteavtalar som gjeld mellom heimlandet til den tilsette og Noreg.

Forenkla skatteordning (kjeldeskattordninga)

Ordninga gjeld først og fremst for utanlandske arbeidstakarar som jobbar i Noreg i kortare periodar og som ikkje er skattemessig busette i Noreg. Ordninga gjeld også utanlandske arbeidstakarar det året dei vert skattemessig busette i Noreg.

Ordninga inneber at du som arbeidsgjevar trekkjer 25 prosent skatt inkludert 8,2 prosent trygdeavgift direkte av lønna til arbeidstakaren, slik at skatten er ferdig gjord opp når arbeidstakaren får lønna utbetalt. Arbeidstakaren kan ikkje krevje frådrag og slepp å levere skattemelding.

Skatteetaten om forenklet skatteordning

Rapportering av arbeidstakaren

Alle arbeidstakarar skal registrerast hos NAV via a-meldingen. Føretaket skal i tillegg rapportere oppdraget til skattekontoret via skjema "RF 1198 Opplysningar om arbeidstakarar".

Betaling av skatt og avgift

Er arbeidstakaren skattepliktig til Noreg, skal skattetrekket betalast annankvar månad. Oppgjer for forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift skal betalast til Skatteetaten. Utanlandske arbeidsgivarar som rapporterer kontraktar og arbeidsforhold i oppdragsregisteret skal betala til Skatteetaten – Skatteinnkrevjing utland.

Kor mykje som skal trekkjast i skatt vil gå fram av arbeidstakaren sitt skattekort, som du må laste ned frå altinn.no.

Skattekort

For å få tildelt skattekort må arbeidstakaren møte på Skattekontoret for identifisering. Her må arbeidstakaren levere søknad om skattekort, leggje fram gyldig legitimasjon og arbeidskontrakt/stadfesting som dokumenterer arbeidsoppdraget. Dersom arbeidstakaren kjem frå eit land utanfor EU/EØS området må ho/han dokumentere retten til å arbeide i Noreg.

I skattekortet hukar arbeidstakarane av for om dei vil skattleggjast etter dei vanlege skattereglane. Om arbeidstakaren ikkje gjer eit val, og dei andre skattemessige forholda ligg til rette for det, vil arbeidstakarane skattleggjast etter reglane i den forenkla ordninga.

Skattekontorer som gjennomfører id-kontroll

Fritak frå trekk

Dersom du har grunn til å tru at lønnsinntekta ikkje skal skattleggjast i Noreg, kan du søkje arbeidstakaren sitt skattekontor om å skrive ut ei erklæring om fritak for forskotstrekk.

Arbeidsgjevaravgift

Det skal som hovudregel også betalast arbeidsgjevaravgift av lønna til arbeidstakaren. Dette er ein del av finansieringa av folketrygda. Dersom arbeidstakaren betalar trygd i heimlandet sitt, og innehar fritaksskjema A1, kan du som arbeidsgjevar fritakast for å betale arbeidsgjevaravgift i Noreg. Utanlandsk A1-skjema skal sendast til NAV.

Åpne kontaktskjema